SCORM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SCORMTM er ei forkorting for Shareable Content Object Reference Model. Dette er eit sett med tekniske spesifikasjonar for distribuert undervisning, spesielt mynta på e-læring via web.

SCORM-standarden spesifiserer ein generell struktur for organisering av læremodular (innhald) og brukar XML til å definera eit generelt dataformat for presentasjon av slikt innhald via web. Målet med dette er stor grad av ombruk av kursinnhald og godt samspel mellom LMS (Learning Management Systems) på Internett.

Strukturering av innhald[endre | endre wikiteksten]

Kurs er samansette av læremodular, som igjen består av ressursar. Ressursar kan vera alle typar data, gjerne multimedia eller dataprogram. SCORM-standarden definerer eit format for merking, sekvensiering og pakking av ressursar, læremodular og kurs. Dette vert i SCORM kalla innhaldsaggregasjon, og er beskrive i den spesifikasjonen som heiter SCORM Content Aggregation Model (CAM).

CAM er ein aggregasjonsmodell som skildrar korleis kursinnhald er bygt opp av komponentar og underkomponentar, og som definerer ei strukturering av desse komponentane. Han spesifiserer korleis ein i denne strukturen kan leggja inn både informasjon om komponentane (meta-data) og krav til navigeringa mellom komponentane (sekvensiering), og han fortel korleis kursinnhald skal pakkast for flytting mellom ulike system.

Komponentane i SCORM er bygte opp av aktiva (eng. assets). Eit aktivum er data av alle slag. Det kan t.d. vera eit jpeg-bilete, ei html-fil, ei lydfil, ein filmsnutt, ein JavaScript-funksjon eller ein Flash-sekvens med eller utan interaktivitet.

Eitt eller fleire aktiva kan setjast saman til ein ressurs (eng. learning resource). Kvar ressurs tek føre seg ein klårt avgrensa del av kursinnhaldet, helst so liten at han kan ombrukast, dvs. inngå i meir enn eitt kurs. Det finst to typar ressursar: passive asset-modular og aktive SCO-modular. (SCO står for Shareable Content Object.) Eit kurs inneheld alltid fleire SCO-modular, og det kan ha asset-modular i tillegg.

Den enklaste ressurstypen, sokalla asset-modular, inneheld tilleggs- eller støttemateriale som elevane kan få tilgang til, men som ikkje inngår i eksamen. Det er ikkje knytt noka oppfølging til slike modular.

Den andre typen, SCO-modulen, inneheld kursmateriale som skal reknast som kjernestoff, t.d. stoff som må lærast for å bestå eksamen. SCO-modulen kommuniserer med LMS-et, slik at det kan lagra progresjonstilstanden for kvar elev som har opna modulen. Dette gjer m.a. at eleven kan fortsetja der han avslutta førre undervisningsbolk, og at ein kursadministrator som har privileg til det, kan halda auge med eleven sin kursstatus.

Ressursar kan strukturerast hierarkisk, slik at eit kurs kan vera samansett av hovudmodular, som igjen kan bestå av undermodular i fleire nivå, ned til SCO- eller asset-modular, som er ressursar med peikarar til aktiva som web-tenaren kan senda til eleven.

Til kvar einskild modul i dette hierarkiet kan ein knyta meta-data med nyttig informasjon om ressursane. Meta-dataa kan t.d. fortelje kva språk den aktuelle modulen er på, eller dei kan innehalda nøkkelord for søking i kursdatabasen.

På den ferdige kursstrukturen kan det dessutan leggjast avgrensingar i tilleten modulnavigering, t.d. at elevane ikkje får opna modul B før dei er ferdige med modul A.

Alt dette vert lagra som ein (CAM-)innhaldspakke, som vi kallar ein aggregasjon. Når eit sett med modular er laga og pakka etter dette systemet, skal alle SCORM-kompatible LMS kunna importera aggregasjonen, køyra modulane og halda styr på kva tid kvar einskild SCO-modul er påbyrja og fullført.

Køyre- og datamodell for presentasjon[endre | endre wikiteksten]

SCORM-spesifikasjonane tek utgangspunkt i web som eit universelt leveransemedium. Dei gjev retningsliner for oppbygging av kunnskapsdatabasar på web-tenarsida basert på innhald frå SCORM-pakkar, og dei set strenge føringar for LMS-applikasjonane som skal presentera kursinnhaldet, m.a. når det gjeld datamodellar, dataoverføring, køyresystem, navigering og progresjonslogging.

LMS-et må kommunisera med SCO-modulane og med elevane.

  • SCORM Run-Time Environment-spesifikasjonen skildrar korleis innhald og applikasjon kommuniserer. Denne kommunikasjonen trengst m.a. for å kunna spora elevane sin progresjon i kursa.
  • SCORM Sequencing And Navigation-spesifikasjonen skildrar kva LMS-et skal tillata eleven å styra sjølv, slik at rekkjefølgja for dei einskilde ressursane likevel vert konsekvent, ut ifrå navigasjonsinformasjonen som ligg i CAM-aggregasjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]