SINTRAN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SINTRAN er eit operativsystem for datamaskinar som vart utvikla i 1968 ved Institutt for teknisk kybernetikk ved det som i dag er NTNU i Trondheim. Namnet på operativsystemet kjem frå forskarinstitusjonen Sintef og programmeringsspråket Fortran.

Operativsystemet sin versjon 2, som var ein fleirbrukarversjon, vart utvikla i samarbeid med Norsk Data og utgjorde hovudplatforma for NORD-serien av terminaltenarar. Den neste versjonen SINTRAN III vart utvikla av Norsk Data åleine i 1974, og det var denne versjonen som vart brukt for selskapet sine tenarmaskiner inntil heile verksemda vart lagt ned i 1992.