SKRUK
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SKRUK er eit kor frå Sunnmøre som i over 30 år har stått under leiing av Per Oddvar Hildre. Koret har gjennom alle desse åra vore ein plogspiss og grensesprengar innan norsk kormusikk[manglar kjelde].
SKRUK har sidan starten i 1973 gitt ut 22 album. Flesteparten er utgitt på Kirkelig Kulturverksted. Mest kjendt er kanskje "Slipp mine fløyter fri" i samarbeid med den Ecuadorianske gruppa Altiplano på 90-talet, og samarbeidet med Ytre Suløens Jassensemble der spirituales og gospel vart sett inn i ein tradjass-samanheng. Dette var ein heilt ny kombinasjon då det kom ut på to innspelingar tidleg på 1980-talet[manglar kjelde].
Koret var også først ute med bearbeidingar av norske folketonar for kor i ein moderne setting[manglar kjelde]. Dette skjedde i samarbeid med Henning Sommerro og gruppa Vårsøg i 1977.
Koret har også halde konsertar med program som Smykker fra bedehuset og Klenodier der gamle bedehussongar vart arrangerte for Skruk av etablerte komponistar som Knut Nystedt, Trond Kverno, Per Inga Almås og Harald Heresthal.
I eit samarbeid med musikarar og komponistane Siyavoush Kerimi og Galib Mamedov frå Azerbaijdsjan, og med tekstar av Erik Hillestad, kom "Landet vi kommer fra" i 1997.
Koret sine rundt 45 songarar er spreidde over heile landet og møtest for øving og konsertar i løpet av året.

