SMART-1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nedslaget til SMART-1-sonden på måneoverflata fotografert av Canada-Frankrike-Hawaii-teleskopet.

SMART-1 (kort for Small Missions for Advanced Research in Technology) var ESA sin første månesonde. Han blei skote opp 27. september 2003 og medvite kræsjlanda på månen 3. september 2006. Mellom hovudmåla til ferda var å testa ein soldreven ionemotor og andre teknologiar medan sonden gjorde vitskaplege observasjonar. Sonden undersøkte òg teorien om at månen blei danna som følgje av ein kollisjoin mellom jorda og ein mindre planet for rundt 4,5 milliardar år sidan.[1]

SMART-1 gjekk inn i månebane 15. november 2004. Han er den andre romsonden nokosinne som har nytta seg av ioneframdrift; den første var NASA sin Deep Space 1.[1]

Sjølve sonden var med solsellepanela 14 meter brei. Han vog ved oppskyting 370 kg, og av dette var 19 kg vekta av dei vitskaplege instrumenta.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «SMART-1 factsheet» - fakta om SMART-1 på heimesida til prosjektet.
  2. «Masterpieces of miniaturisation» - fakta om SMART-1 på heimesida til prosjektet.