SS «Statsraad Lehmkuhl»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barken SS «Statsraad Lehmkuhl» under fulle segl

SS «Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta bark bygd ved skipsverftet Joh. C. Tecklenborg i Geestemünde i Tyskland. I dag er seglskipet eigd av stiftinga Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl og er skuleskip med heimehamn i Bergen. Det var opphavleg eit av tre skuleskip for den tyske handelsflåten og hadde namnet «Grossherzog Friedrich August» så lenge det var tysk. Statsråd Lehmkuhl er den største barken som framleis seglar som var bygd i seglskutetida. Sidan det vart bygd som skuleskip er mastene kortare enn om det hadde vore ei kommersiell seglskute på denne tida.[1]

Etter den første verdskrigen vart skipet teke av Storbritannia som krigsbytte. I 1921 vart det kjøpt av tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl, og vart då oppkalla etter Lehmkuhl. Med unnatak av under andre verdskrigen har skipet seinare vore Bergen sitt skuleskip. Skipet vert òg nytta som skuleskip av Sjøkrigsskulen og Befalsskulen for Sjøforsvaret. Sjøforsvaret nyttar skipet til lengre tokt mellom anna til Kanariøyane og Karibia. I dei periodane SS «Statsraad Lehmkuhl» vert nytta av Sjøforsvaret vert skipet gjort om til KNM «Statsraad Lehmkuhl».

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

Søsterskip[endre | endre wikiteksten]

Statsraad Lehmkuhl har tre systerskip:

  • Dar Pomorza (Opphavleg Prinzess Eitel Friedrich)
  • Duchesse Anne (Opphavleg Großherzogin Elisabeth)
  • Schulschiff Deutschland

The Tall Ships Races[endre | endre wikiteksten]

«Statsraad Lehmkuhl» har fleire gonger deltatt i The Tall Ships Races, som er ein regatta for store seglskuter. Regattaen var tidlegare kjent som «The Cutty Sark Tall Ships' Races».

Resultat The Tall Ships Races[endre | endre wikiteksten]

År Frå Til Plassering
1960 Flagget til Noreg Oslo Flagget til Belgia Ostende Gull
1964 Flagget til Portugal Lisboa Flagget til Bermuda Bermuda 6. plass
1966 Det britiske flagget Falmouth Flagget til Danmark Skagen Bronse
1970 Det britiske flagget Plymouth Flagget til Spania Tenerife Sølv
1993 Det britiske flagget Newcastle Flagget til Noreg Bergen Gull
1993 Flagget til Noreg Larvik Flagget til Danmark Esbjerg Gull
1997 Det britiske flagget Aberdeen Flagget til Noreg Trondheim Gull
1997 Flagget til Noreg Stavanger Flagget til Sverige Göteborg Bronse
1999 Flagget til Frankrike St. Malo Det britiske flagget Greenock Bronse
1999 Det britiske flagget Lerwick Flagget til Danmark Aalborg Sølv
2001 Flagget til Belgia Antwerpen Flagget til Noreg Ålesund 5. plass
2004 Flagget til Belgia Antwerpen Flagget til Danmark Aalborg 5. plass
2004 Flagget til Noreg Stavanger Flagget til Tyskland Cuxhaven 4. plass
2007 Flagget til Danmark Aarhus Flagget til Finland Kotka Gull
2009 Flagget til Finland Åbo Flagget til Litauen Klaipėda Sølv
2010 Flagget til Belgia Antwerpen Flagget til Danmark Ålborg Sølv
2011 Det britiske flagget Lerwick Flagget til Noreg Stavanger Sølv
2013 Flagget til Danmark Aarhus Flagget til Finland Helsingfors Gull
2013 Flagget til Latvia Riga Flagget til Polen Szczecin Gull

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Koza, Thaddeus (2002), Tall ships (3., oppdat. og rev. utg.), Tide-Mark Press, ISBN 1-55949-740-8, OCLC 51090952, henta 15. august 2021 

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]