STAX

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
STAX SR-404 elektrostatiske høyretelefonar og SRM-006t røyrforsterkar.

Stax (japansk: 有限会社スタックス Yugen-gaisha Sutakkusu) er eit japansk føretak som produserer elektrostatiske høyretelefonar. Føretaket vart stifta i 1938 og produksjonen av dei fyrste elektrostatiske høyretelefonane, SR-1, tok til i 1960.

Elektrostatiske høyretelefonar har høg inngangsimpedans og krev difor høg drivspenning (nokre hundre V, noko som kan oppnåast enten med å nytta signaltransformatorar eller effektforsterkarar med høg utgangsspenning. Nokre av høyretelefonane til STAX vert leverte med transformatorar og andre modellar med røyrforsterkarar, som arbeider med spenningar som høver for å driva elektrostatiske høyretelefonar. I motsetnad til røyreffektforsterkarar for svingspolehøgtalarar treng ikkje desse forsterkarane utgangstransformator.

Det er dei elektrostatiske høyretelefonane som har gjort STAX kjent, men føretaket har òg produsert elektrostatiske høgtalarar, tonearmar og pickupar til platespelarar, CD-spelarar, etc.

I 1996 gjekk STAX konkurs, med starta opp att same året. I 2011 vart føretaket kjøpt opp av det kinesiske føretaket Edifier.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]