STS-107

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
STS-107
STS-107 Flight Insignia.svg
Statistikk
Romferje: Columbia
Rampe: 39-A ved Kennedy Space Center
Oppskyting: 16. Januar 2003 15:39:00 UTC
Attende til jorda: Romferja øydelagd den 1. Februar 2003 13:59:32 UTC
Landingsplass: Kennedy Space Center i Florida (planlagd)
Ferdas tid: 15 d 22 t 20 min 32 s
Lengde reist: 10.6 million km
Rundar rundt jorda: 255
Mannskap
Kommandør: Rick D. Husband
Pilot: William C. McCool
Oppdragsspesialistar: David M. Brown
Laurel B. Clark
Michael P. Anderson
Kalpana Chawla
Nyttelastspesialistar: Ilan Ramon
Crew of STS-107, official photo.jpg
Portrettfoto av STS-107 mannskapet.
Kronologi
Førre romferd Neste romferd
STS-113 STS-114

STS-107 er namnet på ei romferd med den amerikanske romferja Columbia. Mannskapet som talte sju, omkom då romferja returnerte tilbake til jorda.

Blå fra venstre: Brown, McCool, Anderson Raude fra venstre: Chawla, Husband, Clark og Ramon

Romferja vart skoten opp 16. januar 2003 for å utføyre eksperiment innan mikrogravitasjon, botanikk, materialprosessering, medisin, fysiologi, biologi og fysikk. Då romferja vart skoten opp, lausna ein stor bit av skum frå den utvendige drivstofftanken og skada varmeskjoldet på den venstre vingen. Då romferja Columbia vendte tilbake til jorda etter endt oppdrag, mista ein kontakt med romferja 16 minutt før den planlagde landinga. Videoopptak viste at Columbia gjekk i oppløysning over Texas i ca. 63 km. høgde i ein fart på 5,6 km/s. Både ferja og heile mannskapet gjekk tapt.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Romferder med romferja Columbia
1981: STS-1 | STS-2 | 1982: STS-3 | STS-4 | STS-5 | 1983: STS-9 | 1886: STS-61-C | 1989: STS-28 | 1990: STS-32 | STS-35 | 1991: STS-40 | 1992: STS-50 | STS-52 | 1993: STS-55 | STS-58 | 1994: STS-62 | STS-65 | 1995: STS-73 | 1996: STS-75 | STS-78 | STS-80 | 1997: STS-83 | STS-94 | STS-87 | 1998: STS-90 | 1999: STS-93 | 2002: STS-109 | 2003: STS-107
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.