STS-125

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
STS-125J
Statistikk
Romferje: Atlantis
Rampe: 39-A
Oppskyting: 11. Mai 2009, 2:01:56 p.m. EDT (18:01:56 UTC)
Attende til jorda: 22 Mai, 2009 (planlagd)
Landingsplass: ikkje kjend
Ferdas tid: 11 dagar
Banehelling: 28.5 grader

Portrettfoto av mannskapet.
Kronologi
Førre romferd Neste romferd
STS-119 STS-127

STS-125, også kjend som HST-SM4 (Hubble Space Telescope Servicing Mission 4), er ei romferd med romferja Atlantis som vart skoten opp den 11. mai 2009. Målet for romferda er det aldrande romteleskopet Hubble som får sitt femte og siste vedlikehald, før James Webb-teleskopet vert skoten opp tidlegast 2013.

Dette var den trettiande erda til romferja Atlantis. Den førre var STS-122, som i februar 2008 frakta den europeiske Columbus-modulen til den internasjonale romstasjonen. STS-125 er den einaste bemanna romferda sidan Columbia-ulykka som ikkje går til konstruksjonen av romstasjonen.

Romteleskopet Hubble[endre | endre wikiteksten]

Astronautane om bord på Atlantis skulle over 5 planlagde romvandringar installere nye instrument og reparere eksisterande instrument om bord, i tillegg til å skifte batteri og innstallere nye gyroar. Servicing Mission 4 (SM4), var det siste vedlikehaldet for romteleskopet Hubble.

STS-400 Launch On Need[endre | endre wikiteksten]

Romferjene Atlantis og Endeavour på kvar si oppskytningsplattform.

Dette er første gongen sidan 2001 at to romferjer står på oppskytingsplatform 39-A og 39-B samstundes. Romferja Endeavour vil stå klargjord på 39-B, medan Atlantis er i verdsrommet. Skulle det skje noko med Atlantis som hindrar mannskapet i å returnere til jorda med romferja, kan ein ikkje søkje naudhamn i den internasjonale romstasjonen, ettersom den går i ei anna bane. Difor står romferja Endeavour klargjord til utskyting. Oppdagast det skadar på Atlantis som gjer det umogleg for mannskapet å returnere trygt attende til jorda, kan mannskapet evakuerast over til Endeavour. Vert ein slik redningsaksjon naudsynt, får den ferda tildelt namnet STS-400. Går alt som normal, så vil Endeavour istaden flytte til plattform 39A for den neste planlagde ferda til den internasjonale romstasjonen.

IMAX-film[endre | endre wikiteksten]

I samarbeid med Warner Bros. Pictures og IMAX Corporation har NASA hatt med eit IMAX 3D kamera med på romferja [1]. Denne skal opp til Hubble for å filme vedlikehaldet av teleskopet. IMAX har lagd ei rekkje filmar som handlar om verdsrommet, som Destiny in Space frå 1994 som og inneheld klipp frå Hubble.

Mannskap på STS-125[endre | endre wikiteksten]

Talet i parantes viser talet på romferder for kvar astronaut, denne romferda inkludert.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: STS-125


Romferder med romferja Atlantis
1985: STS-51-J | STS-61-B | 1988: STS-27 | 1989: STS-30 | STS-34 | 1990: STS-36 | STS-38 | 1991: STS-37 | STS-43 | STS-44 | 1992: STS-45 | STS-46 | 1994: STS-66 | 1995: STS-71 | STS-74 | 1996: STS-76 | STS-79 | 1997: STS-81 | STS-84 | STS-86 | 2000: STS-101 | STS-106 | 2001: STS-98 | STS-104 | 2002: STS-110 | STS-112 | 2006: STS-115 | 2007: STS-117 | 2008: STS-122 |2009: | STS-125 |2010: STS-132 |2011: STS-135