Sabadell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sabadell
Sabadell - Eix Macià.jpg
Flagget til Sabadell Byvåpenet til Sabadell
Flagget til Sabadell Byvåpenet til Sabadell


Plassering
Sabadell is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Catalonia
Provins Barcelona
Borgarmeister Manuel Bustos Garrido
Geografi
Flatevidd
 - By

37,89 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

203 969
  5 383,2 /km²
Koordinatar 41°33′″N 2°06′″EKoordinatar: 41°33′″N 2°06′″E
Høgd over havet 190 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 08200 - 08208, 08805
Nettstad: www.sabadell.es

Sabadell er ein by i Vallès Occidental i Catalonia i Spania. Han ligg ved elva Ripoll, 20 km nordvest for Barcelona. Sabadell ligg 190 meter over havet og har kring 200 000 innbyggjarar.

Sabadell var ein av føregangsbyane i den industrielle revolusjonen i Catalonia med tekstilmøllene som vart bygd her. På midten av 1800-talet var byen derfor den viktigaste ullprodusenten i Spania og vart kalla «den katalanske Manchester». Sjølv i dag står mange av møllene frå den tida att. I dag er Sabadell i hovudsak ein kommersiell by og industriby.

Sabadell er eit viktig trafikknutepunkt. To motorvegar gåe gjennom byen, og fleire andre vegar knyt Sabadell til dei nærliggande byane Terrassa, Sant Quirze del Vallès, Castellar del Vallès, Granollers, Barberà del Vallès, Cerdanyola del Vallès, Barcelona, Sant Cugat del Vallès, Rubí, Sentmenat og Molins de Rei. Byen ligg òg langs jernbanelinja frå Barcelona til Lleida. Sabadell har ein flyplass.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I romartida var byen ein liten landsby kalla Arragone nær staden der kyrkja La Salut i dag står. Landsbyen vokste til byen Arraona eller Arrahona i mellomalderen. Ein annan liten landsby vart bygd like på andre sida av elva. Denne landsbyen fekk namnet Sabadell og låg på ei slette. Sabadell var omgjeve av ein mur, men på grunn av folkeveksten på 1500-talet, vart nokre hus bygd utanfor bymurane. På denne tida dukka dei første tekstilindustriane opp i byen. Ullindustrien voks dei neste hundreåra og i 1800 hadde byen kring 2000 innbyggjarar. I 1856 kom jernbanen til byen og i 1877 fekk han bystatus. I 1897 hadde byen litt over 20 000 innbyggjarar. Byen hadde då vorte den viktigaste ullprodusenten i Spania og kleda frå byen var verdskjende.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]