Sabine River på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sabine River
Utsikt oppetter Sabine Valley
Utsikt oppetter Sabine Valley
Utspring East Branch, Mount McKay
- Høgd 1820 m.o.h.
Munning Lake Rotoroa i Tasman
- Høgd 450 m.o.h.
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand

Sabine River ligg på SørøyaNew Zealand. Ho renn gjennom Nelson Lakes National Park.

Elva har to sidegreiner, East Sabine og West Sabine. West Sabine renn ut or innsjøen Lake Constance, og Blue Lake. Dei to elveløpa møtest i Sabine Forks, og renn inn i Lake Rotoroa. Bortsett frå øvst, der elva renn gjennom ope tussockland og krattskog, renn ho gjennom naturleg oppvaksen bøkeskog. Elva er ikkje farbar på gunn av dei steinute fossefalla gjennom mesteparten av elveløpet.

Det går ei tur-rute langs elva[1], og ho dannar den vestlege greina av turruta Travers-Sabine tramping circuit. Denne ruta startar vanlegvis frå Saint Arnaud ved nordenden av Lake Rotoiti, og følgjer løpet til Travers River, går over det subalpine fjellpasset Travers Saddle (1787 m.o.h.), derfrå nedetter East Sabine Valley og Sabine Valley til Lake Rotoroa. Ei rute går også oppetter West Sabine til Blue Lake. Denne ruta held fram over Waiau Pass, og bind seg til slutt saman med Saint James Walkway og Lewis Pass.

Tre villmarkshytter ligg i Sabine Valley: Sabine Hut (på breidda til Lake Rotoroa, nær munningen til Sabine); West Sabine Hut (nær Sabine Forks) og Blue Lake Hut.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Der er eit variert plante- og fugleliv i Sabine River Valley.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jim DuFresne (2002) Tramping in New Zealand, 5. utg., s. 186 – Lonely Planet Series.

Koordinatar: 41°55′S 172°41′E