Saddam Hussein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saddam Hussein

Fødd28. april 1937
Al-Awja
Død30. desember 2006 (69 år)
Statsborgar avKongeriket Irak, Iraqi Republic (1958–1968), Ba'athist Iraq
PartiBaathpartiet i Irak
Yrkepolitikar, militær, skribent, romanforfattar
Utdanna vedUniversitetet i Kairo
Nolan Catholic High School
FarHussein 'Abid al-Majid
EktefelleSajida Talfah, Samira Shahbandar
BarnUday Hussein, Raghad Hussein, Hala Hussein, Rana Hussein, Qusay Hussein, Ali Hussein
Alle verv
  • Iraks statsminister (1994–2003)
  • Iraks president (1979–2003)
  • Iraks statsminister (1979–1991) Sjå dette på Wikidata

Saddam Hussein (28. april 193730. desember 2006), fødd nær Tikrit i Irak, var eineveldig president og diktator i Irak frå 1979 til 2003.

Sadam Hssein tek imot Donald Rumsfeld i Bagdad i 1983.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hussein vart som ung gut medlem av Baathpartiet i Irak, og han deltok i 1956 i eit mislukka kuppforsøk mot kongen i Irak. To år seinare avsette ei anna gruppe, med general Abd al-Karim Qasim, kongen. Hussein deltok deretter i eit kuppforøk mot Qasim, men då det var mislukka, flykta han til Egypt. Der las han jus og egyptologi. Etter revolusjonen i Irak den 8. februar 1963 vende han attende til Irak, men vart fengsla året etter, og sat i fengsel i tre år.

Hussein var gift tre gonger og hadde seks barn.

Statsleiar[endre | endre wikiteksten]

I 1968 leidde han Baathpartiet til makta gjennom nok eit kupp. Han vart forfremja til general i 1973, og vart president i 1979, då Ahmad Hasan al-Bakr trekte seg som president, i ein alder av 65 år.

Med basis i oljeinntektene gjorde Hussein Irak til ei regional stormakt. Han gjekk til krig mot Iran med støtte frå USA i 1980, etter at islamistar med Ayatollah Khomeini i spissen hadde avsett sjahen og tatt makta året før. Denne krigen varte i åtte år, og Irak nytta masseøydeleggingsvåpen fleire gonger i løpet av denne tida. Derimot hadde dei ingen i 2003, slik USA påstod dei hadde prov for.

Etter krigen mot Iran var Irak eit fattig land, som hadde gjeld til mellom anna Kuwait. Den store gjelda førte til at Irak under Hussein starta ein ny krig i 1990, då dei hærtok Kuwait. Dette førte til den første Golfkrigen, der ein koalisjon med USA i spissen jaga styrkane til Hussein tilbake til Irak. Hussein var skulda for undertrykking og drap på meiningsmotstandarar. Særleg hard var han mot kurdarar og sterkt religiøse grupper, særleg blant sjiamuslimane, og massegraver særleg frå 1980-talet er funne fleire stader.

Pågripinga[endre | endre wikiteksten]

USA med koalisjonen av viljuge hærtok Bagdad 7. april 2003 og den 9. april gjekk Hussein under jorda. Amerikanske styrkar fann og fengsla han 13. desember 2003. Han vart stilt for retten, skulda for massemord. Hausten 2006 blei Hussein dømd til døden ved henging for drapet på 148 sjiamuslimar i Dujail i 1982. Denne saka vart vald fordi det var den enklaste å prove direkte involvering frå Hussein sjølv. Det kanskje verste brotsverket til Hussein var gassåtaket på den kurdiske byen Halabja i mars 1988 som førte til at om lag 5 000 menneske døydde og mange tusen fekk store skader. På 1980-talet, under krigen med Iran, var Hussein elles velsedd i vestlege land, trass i overgrep som det i Halabja.

Hussein vart hengd tidleg på morgonen den 30. desember 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Saddam Hussein
Commons har multimedium som gjeld: Saddam Hussein