Safety car

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safety car i formel 1.

Safety car eller Pace car i USA, er innan motorsport ein bil som set ei grense for farten hjå konkurrerande køyretøy på ei resarbane. Safety car vert kalla ut på bana når det har skjedd ei ulykke, er farlege hindringar i vegen, eller andre tilfelle som gjer det naudsynt å køyre i redusert fart. I dei fleste sportsgreiner er det ikkje lov å køyre forbi andre konkurrentar, så lenge safety car er på bana.

Safety car i formel 1[endre | endre wikiteksten]

Første gongen ein nytta safety car i formel 1 var ved Canada Grand Prix i 1973. [1] Ved eit mistak kom bilen framføre feil førar, som var ein runde bak leiaren av løpet. Såleis kunne somme førarar køyre inn enda ein runde på resten av feltet.

Bilprodusenten Mercedes Benz har vore offisiell leverandør av SC-bilar til formel 1 sidan 1996 [2]. 2008 modellen er basert på Mercedes Benz SL 63 AMG og har ein 6.3-liters V8 motor på 525 hestekreftar. Den er 220 kg lettare enn produksjonsmodellen

Den tidlegare DTM-føraren Bernd Mayländer har køyrd SC-bilen sidan 2000.[3]

Pr. 2009, har to formel 1 løp blitt fullført med safety car framfor feltet. Første gongen var under Canada Grand Prix i 1999, andre gongen under Australia Grand Prix i 2009. Grunna dårlege værtilhøve måtte 6 løp startast med safety car: Belgia Grand Prix i 1997 og i 2000, Brasil Grand Prix i 2003, Japan Grand Prix i 2007, Italia Grand Prix i 2008 og Kina Grand Prix i 2009.

Referansar[endre | endre wikiteksten]