Mount Everest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sagarmatha)
Mount Everest
fjell
Everest sett frå Kala Patthar i Nepal
Land Nepal,  Kina
Del av Himalaya, Seven Summits, eight-thousander, Ultratopp
Fjellkjede Himalaya
Høgd 8 850 moh.
Koordinatar 27°59′17″N 86°55′31″E / 27.98806°N 86.92528°E / 27.98806; 86.92528
Lettast tilkomst Søraustryggen
Førstestiging Edmund Hillary
 - dato 29. mai 1953
Kart
Mount Everest
27°59′18″N 86°55′30″E / 27.9882361°N 86.9250181°E / 27.9882361; 86.9250181
Wikimedia Commons: Mount Everest

Mount Everest (sanskrit Sagarmatha, tibetansk Chomolungma) er det høgaste fjellet i verda, med ei høgd på 8 848 moh. (målt på snødekket). Høgda på snø og is kan variera mykje, og ulike målingar har hatt litt ulike resultat.

Mount Everest ligg i fjellkjeda Mahalangur Himal i Himalaya, på grensa mellom Folkerepublikken Kina og Nepal, og grensa mellom dei to landa går midt gjennom toppunktet.

Administrativt ligg den nepalske delen av Mount Everest i Sagaramatha nasjonalpark i Provins nr. 1. Den kinesiske delen tilhøyrer den autonome regionen Tibet.

Høgd[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle høgda til Mount Everest er 8 848 m (29 029 ft), og er anerkjend av både Kina og Nepal. Denne høgda blei funnen ved ei indisk oppmåling i 1955 og stadfesta ved ei kinesisk oppmåling i 1975. I 2005 måla Kina høgda til sjølve fjellet, og kom fram til at det var 8844,43 m. Etter dette diskuterte Nepal og Kina kva som skulle vera den offisielle høgda. I 2010 blei dei einige om at den offisielle høgda framleis skulle vera 8 849 m, medan Nepal anerkjenner den kinesiske oppmålinga av berghogda på 8 844 m.[1]

I 1999 blei fjellet målt av National Geographic til 8 850 moh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Toppen blei nådd for første gong den 29. mai 1953 av Edmund Hillary frå New Zealand og Tenzing Norgay frå sherpa-folket i Nepal, via søraustryggen.

Klatringar til toppen av Mount Everest per år fram til 2010

Ved slutten av klatresesongen 2010 hadde rundt 3,142 klatrarar nådd toppen i 5,104 ekspedisjonar. 77 % av deese klatringane hadde funne stad sidan 2000.[2] I 2007 blei det registrert eit rekordtal på 633 klatringar utført av 350 tilreisande klatrarar og 253 sherpaer.[2] Deretter blei det gjort 426, 462, 543 og 537 oppstigningar dei neste åra i høvesvis 2008, 2009, 2010 og 2011.[3]

I mai 2019 sette klatreleiaren Kami Rita frå Nepal rekorden for flest klatringar til toppen av Mount Everest då han klatra til toppen for 23. og 24. gong.[4][5][6]

I mars 2020 satte nepalske og kinesiske styresmakter stopp for klatring den sesongen på grunn av risiko for sjukdommen covid-19.[7]

Hovudklatreruter[endre | endre wikiteksten]

To hovudklatreruter er

  • Søraustrygg-ruta[8] (frå Nepal)
  • Nordaustryggen frå Tibet (òg kjend som Mallory-ruta).

Den fyrste klatringa til topps gjekk via Stilledalen (eller Western Cwm), Lhotse-veggen og vidare til Søraustryggen. «Leir 4» på denne ruta ligg i Sørskaret (South Col), i 7920 meters høgd.[9][10]

Nye klatreruter er mellom anna den via sørvestveggen i 1975.[11]

Femten ruter (inkludert variasjonar) vart nytta før 1997.[12]

Spesielle oppstigningar[endre | endre wikiteksten]
Fyrste mann og kvinne frå ulike land[endre | endre wikiteksten]
Område opptil om lag 40 kilometer frå Everest-fjelltoppen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official height for Everest set». BBC. 8. april 2010. Henta 16. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Full list of all ascents of Everest up to and including 2010». 8000ers.com. 24. september 2011. Henta 28. september 2011. 
  3. Helle Skjersvold m.fl, Nepal vil skjerpe kravet til klatrere, i Aftenposten 3. juni 2013, side 16.
  4. «Sherpa climbs Everest twice in a week, breaks his record with his 24th ascent». Washington Post (på engelsk). Henta 22. mai 2019. 
  5. «Mountaineer extends record by climbing Everest for 24th time». NBC News (på engelsk). Henta 22 May 2019. 
  6. Emily Dixon and Sugam Pokharel. «Sherpa summits Everest a record 24th time». CNN. Henta 22. mai 2019. 
  7. COVID-19 shuts down Everest. National Geographic. Vitja 11. april 2020
  8. Jon Krakauer (2014). I tynn luft. Oslo: Pax. 
  9. Rødahl, Jenny Mina; Eriksen, Nicolai (22. mars 2019), «Når isen smelter, kommer de døde kroppene til syne», Dagbladet.no (på norsk), henta 16. mars 2020 
  10. «Camp IV The Death Zone — We're going to climb Mt. Everest. Come Join Us.», We're going to climb Mt. Everest. Come Join Us. (på engelsk), henta 16. mars 2020 
  11. Hagebø, Jon (12. oktober 2005), «Den fantastiske prestasjonen», Nettavisen (på norsk), henta 16. mars 2020 
  12. «EverestHistory.com: Ascent Routes on Everest». Arkivert frå originalen 15. januar 2008. Henta 23. januar 2008. 
  13. https://www.aftenposten.no/verden/i/MR1p5/60-ar-siden-Mount-Everest-ble-besteget-forste-gang#.UadRIkAvmWo Vitja 2018-05-06
  14. https://www.aftenposten.no/verden/i/MR1p5/60-ar-siden-Mount-Everest-ble-besteget-forste-gang#.UadRIkAvmWo Vitja 2018-05-06

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.