Sagbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gamaldags sagbruk i Arizona

Sagbruk er ei nemning på eit bruk der tømmer vert skore opp til skurlast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før sagbruka si tid vart plankar og bord hogde ut av tømmerstokken med ei øks. Sidan vart tømmeret lagt opp på eit stillas, og dei skar ut plankar med ei kransag, ei stor tomannssag dregen med handkraft. Ved arbeidet stod ein mann over stokken og ein mann under. Innretninga vert kalla «sagstilling» eller «sagmare».

Vasshjul[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1400-talet kom dei første vassagene. Ved hjelp av eit vasshjul henta dei vasskraft frå elver og bekkar til å drive ei oppgangssag.

Tømmerfløyting[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart som skogen rundt sagbruka vart uthogd, måtte dei hente tømmer frå eit større omland. Tømmeret vart fløytt fram til sagbruket i elvar og store bekkar, tømmerfløyting. På 1960-talet tok lastebilen over det meste av tømmertransporten.

Privilegietida[endre | endre wikiteksten]

Frå 1688 fekk 788 sagbruk sønnafjells einerett på eksport av trelast. Sager med slikt sagbruksprivilegium vart tildelt eit årskvantum mellom 1000 og 20 000 bord. Ordninga var ikkje til hinder for at lokale bygdesager kunne skjere material til lokal bruk. I 1814 var det 1100 priviligerte sagbruk i Noreg. I 1860 vart ordninga med sagbruksprivilegier oppheva.

Dampkraft[endre | endre wikiteksten]

Frå midten av 1800-talet vart dampmaskinen brukt som drivkraft i mange sagbruk. Det vart då mogeleg å flytte sagbruka frå fossefalla. Sagbruk kunne byggjast ute i skogen, nærare tømmerressursen, gjerne drivne av ein lokomobil. Viktigare var det at dei kunne byggje store sagbruk ved utskipingshamner for trelast.

Sager[endre | endre wikiteksten]

I 1780 vart sirkelsaga oppfunnen, i 1843 vart bandsaga oppfunnen. Sidan fekk dei rammesager med fleire blad i ei sagramme, slik at fleire bord vart skorne ut av tømmerstokken samstundes. Vedlikehald av sagblad vart eit nytt fagfelt som kravde eigne fagarbeidarar.

Rasjonalisering[endre | endre wikiteksten]

Når lastebilane overtok meir av tømmertransporten, vart sagbruka uavhengig av fløytingsvassdraga, og dei kunne hente tømmer frå større område. Sagbruka voks, småsagbruk vart oppkjøpt og nokre få aktører overtok kontrollen i trelastmarknaden.

Moderne sagbruk[endre | endre wikiteksten]

Sagbruksindustri[endre | endre wikiteksten]

Moderne sagbruk er store og arealkrevjande industrianlegg. Sagbruket bruker gjerne elektrisitet til å drive saga. Sagbruka brenn bark og sagflis for å få energi til å tørke trelasta. Dei bruker datamaskinar til å optimalisere skuren, slik at dei nyttar tømmeret best mogleg ut frå kva slags skurlast dei ønskjer å produsere.

Småsagbruk[endre | endre wikiteksten]

Sentraliseringa i sagbruksindustrien har opna ei nisje for små gardssagbruk. Desse brukar velprøvd teknologi, oftast med ei sirkelsag. Drivkrafta kan vere elektrisitet eller motorkraft frå ein traktor. Sagbruka er ofte bygde for å skjere tømmer frå eigen skog til eigen bruk og for sal i den lokale marknaden.

Minisagbruk[endre | endre wikiteksten]

Dei siste åra er det også seld ein del minisagbruk, enkle stålrammer som styrer ei motorsag som skjer ut plankar og bord frå tømmerstokken. Desse sagbruka kan skogeigaren bruke til å skjere trelast til eigen bruk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sagbruk