Sagene bydel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergensgata i stroket Bjølsen i Sagene bydel.
Foto: A-S. Ofrim
Sagene folkebad, bygd i år 1900, var viktig for å betre hygieniske tilhøva i si tid i ein bydel der dei fleste budde tett og trangt i små husvære
Foto: Anders Beer Wilse / Oslo byarkiv

Sagene bydel eller Bydel Sagene er ein administrativ bydel i Oslo, namnsett etter eit av stroka i bydelen: Sagene. Den administrative bydelen dekkjer eit areal på på 3,1 km², og hadde i januar 2012 til saman 35 990 innbuarar.

Akerselva renn gjennom bydelen og gav i si tid kraft til fyrst å drive dei sagbruka som har gjeve stroket Sagene sitt namn, og frå midten av 18-hundretalet å drive og gje prosessvatn til ei mengd fabrikkar av ulike slag som kom i staden for sagbruka, og dessutan nokre møller. Bydelen har difor vore eit utprega industriområde med industriarbeidarbustader. Men frå siste halvdelen av 19-hundretalet og frametter har så godt som all industriverksemd vorte avvikla, og fabrikkbygningane har vorte teke i bruk til andre typer verksemder eller vorte rivne og erstatta med kontor- og bustadbygningar, slik at bydelen har endra karakter fullstendig. Langsetter Akerselva har det vorte opparbeid parkområde og vorte lagt turvegar.

Bydel Sagene

Bydelen hadde i åra 1988 - 2003 dobbeltnamnet Sagene-Torshov. Men under bydelsreformen i 2004, som reduserte talet på bydelar i Oslo ved å slå saman eller endre grensene for fleire av dei, fekk bydelen namnet Sagene. Bydelen Sagene dekkjer det same geografiske området som bydelen Sagene-Torshov, slik at det her berre er tale om ei forenkling av namnet. Forenkling av bydelsnamna ved mellom anna å få bort slike dobbeltnamn som Sagene-Torshov, St. Hanshaugen-Ullevål og liknande, var òg eit av føremåla med bydelsreformen.

Livet i Sagene-Torshov-området i den tida då dette var prega av industri og industriarbeidarar, ikkje minst kvinnelege industriarbeidarar, er skildra av forfattaren Oskar Braaten i romanar, skodespel og forteljingar. Oskar Braaten vart fødd og budde på Sagene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sagene bydel