Sagfjord kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°0′0″N 15°46′5″E

Sagfjord kyrkje
Kirkested Sagfjord.JPG


Foto: Hamarøy

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Ofoten
Fellesråd:  Hamarøy
Sokn:  Sagfjord
Innvigd:  1885
Kyrkjegard:  Like sørvest for kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Diverse:  Bygd 1775 på Presteid, attreist 1886 i Sagfjorden[1]

Sagfjord kyrkje er kyrkje for Sagfjord sokn i Ofoten prosti.

Kyrkja vart bygd på Presteid som hovudkyrkje for Hamarøy i 1775, men vart riven og reist på nytt på garden Karlsøy som kapell for Sagfjord etter kongeleg resolusjon av 19. september 1885. I fylgje same resolusjonen skulle det haldast sju gudstenester i året i Sagfjord, og det skulle lagast til gravplass ved kyrkja.[2]

Kyrkjebygget på Presteid var ei krosskyrkje medan kyrkja vart attreist som ei langkyrkje i Karlsøy.[3] Kyrkja har tånet mot sørvest og koret mot nordaust og kyrkjegarden ligg like sørvest for kyrkja.

Altertavla og døypefonten i dagens Sagfjord kyrkje stammer frå ei endå eldre kyrkje på Presteid, som vart reist omkring 1660. Altertavla kan ha vorte laga i Bergen så tidleg som på 1600-talet.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]