Sahara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saharaørkenen)
Sanddyner i Sahara-ørkenen
Satellittfoto av Sahara-ørkenen

Sahara er den største varme ørkenenjorda. Han har ei flatevidd på over 9 065 000  km². Den største kalde ørkenen, Antarktis, er større enn Sahara.

Sahara-ørkenen ligg i Afrika, og er 2,5 millionar år gamal. Namnet Sahara (ar. صحراء) kjem frå den arabiske omsetjinga av tuareg-ordet tenere, som tyder 'ørken'. Han er avgrensa av Sahelbeltet i sør, og har kyst mot Raudehavet og Middelhavet i nord.

Sahara utgjer store delar av Nord-Afrika. Han deler den nordlege delen av kontinentet frå den sørlege, som ofte vert kalla Afrika sør for Sahara.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Sahara er den største ørkenen i verda og dekker 10 % av Det afrikanske skjoldet. Ørkenområdet tilhøyrer det afrikanske alpinsystemet, som vart heva i tertiærtida og berggrunnen er erodert etter det. Sahara utgjer for ein stor del eit flatt landskap av platå og grusdekka sletter utan vegetasjon. Vidare finst oasar, sandsletter og sanddyner. Toppen av Emi Koussi er det høgaste punktet på 3415 moh. Botnen av Qattara er lågaste punktet på 133 m under havnivå. Mesteparten av Sahara er dekt av sediment som er yngre enn 50 mill. år. Meir enn halvparten av Sahara er dekt av såkalla yermojord med lag av grus og stein. Berre einskilde lokale stader stikk grunnfjellet (Saharakratonet) fram. Jarn, kopar og uran finst fleire stader og olje vert vunne ut i Algerie.

Størstedelen av Sahara er eit 300 m høgt platåland med periodisk vassførende erosjonsdaler (wadi). Platålandskapet er dels forma i fast fjell med eit dekke av store steinblokker (hammada), dels dekte av grovare grus og stein (reg). Lokalt finst gressletter og kratt. Det finst òg einskilde meteorittkrater som til dømes Amguid- og Oasiskrateret.

Platålandet søkk mot Atlasfjella i nord og Egypt i nordaust der det finst senkingar med saltsjøar som t.d. Qattara i Egypt.

I sentrale delen av Sahara reiser store grunnfjellmassiv seg over slettelandet, t.d. Ahaggar, Aïr, Saharaatlas, Adrar des Iforas, Rødehavshøgdene og Tibesti. Dei høgaste toppane er yngre, utslokte vulkanar som det høgaste fjellet i Sahara, Emi Koussi. Desse sentrale delane av Sahara har særs tørt klima med lite vegetasjon bortsedd frå grassletter i høgdeområda.

Sandørken (erg) utgjer 20 % og ligg i utkanten av Sahara, mellom anna i sørlege Algerie og den libyske ørkenen. Landformene er her forma av vinden og sporadisk regn. Einskilde stader er undergrunnen dekt av leirlag eller består av gips og andre salt. Der grunnvatnet trengjer fram mot overflata, blir det som regel danna fruktbare oasar som til dømes Bahariya, Ghardaïa, Timimoun, Kufrah og Siwa.

Sanden i Sahara er raudleg. Tjukkleiken til ergane er oftast 20-100 meter, men enorme sanddyner kan verte 300 meter høge.

I aust skjer Nilen gjennom ørkenen. Landskapet omkring Riftdalen består av søkk, saltsjøar og høge fjell. Det arabisk-nubiske skjold er i ferd med å rive seg laus frå Saharakratonet langs Afarriften.

I sør går ørkenen gradvis over i steppelandskap. Denne overgangssonen vert kalla Sahel der det lokalt veks gras og kratt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sahara har ørkenklima som kjem av det subtropiske høgtrykksbeltet. Det fell noko nedbør over kystnære område, men over sentrale område er det gjennomgåande tørke. Nedbør frå nordvest blir hindra av Atlasfjella. Høgtrykksbeltet blir forsterka og blir forskove mot sør om vinteren, og blir veikt og forskove mot nord om sommaren. Årleg har sentrale Sahara over 4000 solskinnstimar, nær det maksimalt moglege; temperaturvekslingane mellom dag og natt og mellom vinter og sommar er store. Om sommaren kan temperaturen ofte bli over 50 °C, om vinteren ofte under 0 °C. Det har vorte målt 58,0 °C i Sahara, ved Al'Aziziyah i Libya, men denne rekorden er det i lengre tid sådd tvil om vart målt på riktig måte, og er derfor ikkje lenger offisiell verdsrekord.

I dei lågareliggande sentrale ørkenområda er årsnedbøren under 50 mm, lengst i aust under 5 mm. Det er forholdsvis vanleg med byenedbør som ikkje når bakken, såkalla virga, og torevêr. I fjella er det meir nedbør, oftast i form av kortvarige, kraftige byer som raskt fyllar uttørka elveleie. Det eigentlege ørkenområdet er avgrensa av steppar med vinterregn i nord og av steppar med sommerregn i sør.

Klimaet i Sahara har variert mykje gjennom tidene. I kvartærtida har vekslinga mellom istider og interglasiale periodar medført lange periodar med gunstig klima i Sahara. Etter den siste istida var det ein særleg gunstig periode i tidsrommet 8000-5500 f.Kr. I løpet av dei siste 30 åra har det vore ein tendens til at høgtrykksbeltet har forskove seg mot sør, med tørke og hungersnaud i grenseområda mellom ørken og savanneområda.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Planteveksten er særs fattig, store strekk er heilt nakne, medan det andre stader finst ein spreidd vegetasjon som vesentleg består av tørketålande kurvplanter, erteplanter, korsblomster og grasartar. På salthaldig grunn veks meldeartar og andre halofyttar (saltbotnsplanter). Dei fleirårige har lange røter som når ned i undergrunnen. Nokre har kjøttfulle blad, andre er dekt av filthår som minskar fordampinga frå blada. Ei karakterplante i Sahara er jerikorosen. Det er berre eit par treslag som kan greie det tørre klimaet: i fjellstrøka ein akasieart, Acacia tortila, og i erosjonsdalane ein tamarisk, Tamarix articulata. Øvst i Ahaggarfjella finst litt barskog. Oasane er særleg prega av daddelpalmen, men her blir òg dyrka korn, frukt og grønsaker.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Dyrelivet i Sahara har skifta med klimaet. Helleristningar og skjelettrestar viser at det i ei ikkje særleg fjern fortid med fuktigare klima levde elefantar, nashorn, flodhestar og sjiraffar i Sahara. No dannar derimot ørkenen eit dyregeografisk skiljeområde mellom ein mediterran og ein afrikansk fauna.

Dyrelivet er relativt fattig på artar, og dyra er oftast sandfarga. Av pattedyr kan nemnast ørkengaupe eller karakal, ørkenrev, stripehyene, mendes- eller addaxantilope, sabelantilope, ørkengaselle, eit par arter springmus og kapphare. Av krypdyr er det fleire arter, mellom anna agamar, skinkar, og av giftige slangar er særleg hornslangen kjent. Av fuglar er særleg struts karakteristisk, dessutan mellom anna lerkar og sandhøns. Husdyra er vesentleg geit, esel, hest og dromedar. sitér denne artikkelen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]