Said Aburish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Said Aburish
Fødenamn سعيد أبو ريش
Statsborgarskap Egypt
Fødd 1. mai 1935
Al-Eizariya Sjå dette på Wikidata
Død

29. august 2012 (77 år)

Yrke journalist, skribent

Said K. Aburish (1. mai 193529. august 2012) er ein palestinsk journalist og forfattar.

Aburish var fødd i El-Azariyeh. Etter skulegang i Jerusalem og Beirut byrja han på studium ved eit universitet i USA. Han vende tilbake til Beirut på 1950-talet, og vart journalist for Radio Free Europe og den londonbaserte avisa Daily Mail.

Aburish har skrive fleire bøker om Midtausten-konflikten, inkludert Cry Palestine og Children of Bethany. Han har også skrive sympatisk om kristne palestinarar sin situasjon i The Forgotten Faithful: The Christians of the Holy Land.

Aburish er ein sterk kritikar av den saudiarabiske kongefamilien, og dette kjem mellom anna fram i boka The Rise, Corruption and Coming Fall of the House of Saud.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]