Saint-Dié-des-Vosges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saint-Dié-des-Vosges
Saintdie.jpg
Byvåpenet til Saint-Dié-des-Vosges
Byvåpenet til Saint-Dié-des-Vosges
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Vosges
Geografi
Flatevidd
 - By

46,15 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

22 569
  489/km²
Koordinatar 48°17′″N 06°57′″EKoordinatar: 48°17′″N 06°57′″E
Høgd over havet 343 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 88100
Heimeside: www.ville-saintdie.fr
Plassering
Saint-Dié-des-Vosges-Location.png

Saint-Dié-des-Vosges er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vosges i regionen Lorraine, og har om lag 25 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

St. Die (Deodatum, Theodata, S. Deodati Fanum) er kalla opp etter ein helgen, Deodatus av Nevers, som voks opp rundt eit kloster grunnlagd på 600-talet. Deodatus hadde gjeve opp sine geistlege oppgåver for å trekke seg tilbake på denne staden. Andre kjelder knyter namnet til ein tidlegare helgen, Deodatus av Blois (d. 525).[1]

På 900-talet vart samfunnet ein del av ein kanon, der domprostane mellom anna var Giovanni de Medici, så Pave Leo X, og fleire prinsar av hertugdømet Lorraine. Byen hadde mange privilegium, som preging av myntar.

Sjølv om dei samarbeida med bygginga av bymurane, vart kanonane og hertugane av Lorraine snart rivalar om styret over St. Die. Mot slutten av 1400-talet vart ei av dei tidlegaste trykkpressene i Lorraine oppretta i St. Die. Eit bystyre vart oppretta i 1628, og i 1777 eit bispedøme, noko som begge medverka til at kanonane mista mykje makt og med den franske revolusjonen forsvann dei heilt.

Under krigane frå 1400- til 1600-talet vart byen fleire gonger plyndra. Han vart òg delvis øydelagd av brannar i 1065, 1155, 1554 og 1757. Stanislas, siste hertug av Lorraine, gav mildar til å bygge byen opp att etter den siste bybrannen.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Katedralen og museet
  • Katedralen
  • Kyrkja Saint-Martin
  • Pierre-Noël museet
  • Fridomstärnet (fr. Tour de la Liberté)
  • Fabrik Claude et Duval (arkitekt Le Corbusier)
  • Camp celtique (nn. keltisk) de la Bure
  • Roche Saint-Martin

Universitet og høgskular[endre | endre wikiteksten]

Institut universitaire de technologie

Tekniske Høgskole : IUT (Institut universitaire de technologie)

Kjende folk frå Saint-Dié-des-Vosges[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saint-Dié-des-Vosges