Saint-John Perse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saint-John Perse

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 31. mai 1887
Pointe-à-Pitre
Død

20. september 1975 (88 år)
Hyères

Yrke lyrikar, omsetjar, diplomat, skribent
Språk fransk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste
Mor Renée Dormoy-Léger
Ektefelle Dorothy Russel
Saint-John Perse på Commons

Saint-John Perse (fødd Alexis Leger31. mai 188720. september 1975) var ein fransk lyrikar og diplomat som i 1960 fekk Nobelprisen i litteratur «för den höga flykten och den bildskapande fantasien i hans diktning, som visionärt avspeglar tidsläget.»[1][2]


Liv[endre | endre wikiteksten]

Saint-John Perse vart fødd som Alexis Leger i Pointe-à-PitreGuadeloupe og voks opp på dei franske Antillane. Familien reiste attende til Frankrike i 1899 og han studerte jus og statsvitskap ved universiteta i Bordeaux og Paris.

I 1914 gjekk han inn i diplomatiet og var stasjonert og på reise i Beijing, Korea, Mongolia og Japan. Etter den første verdskrigen vart han rådgjevar for den franske utanriksministeren, Aristide Briand. I 1929 blei han utnemnd til Directeur des Affaires politiques i Utanriksdepartementet og i 1933 følgde han etter sin mangeårige velgjerar og ven Philippe Berthelot som generalsekretær i Utanriksdepartementet.

På grunn av ei avvisande haldning til Vichy-regimet sin ettergjevande politikk («appeasement») overfor det nasjonalsosialistiske Tyskland blei Alexis Leger avsett frå sine embete i 1940. Han mista den franske statsborgarskapen og heile formua blei konfiskert. Han emigrerte til USA der han arbeidde som rådgjevar for Library of Congress. Etter den andre verdskrigen blei han rehabilitert i Frankrike, trass det fortsette han å bu i USA og kom først attende til Frankrike i 1957 – då som diktaren Saint-John Perse.

Nokre månader før han døydde donerte han biblioteket sitt, manuskript og private notatar til Fondation Saint-John Perse, eit forskingssenter via livet og verket hans som er plassert i Cité du Livre i den sørfranske byen Aix-en-Provence.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Forfattarskapen til Perse står i tradisjonen til Arthur Rimbaud. I boka Die Struktur der modernen Lyrik karakteriserte Hugo Friedrich Perse som ein særleg radikal representant for den moderne lyrikken. Tekstane til Perse er i høg grad kjenneteikna ei kjensle av å vere kløyvd og tap av einskap, medviten rådløyse, forvirring og tvil for lesaren.

Originalutgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Éloges (1911) («Hyllingar»)
  • Anabase (1924) («Anabasis»)
  • Exil (1942)
  • Poème à l'étrangère (1943) (om lag «Dikta til den framande»)
  • Pluies (1944) («Regn»)
  • Neiges (1944) («Snø»)
  • Vents (1946) («Vindar»)
  • Amers (1956) («Fyrlykter»)
  • Chronique (1960) («Krønike»)
  • Oiseaux (Au vent d'Arles 1962) («Fuglar»)
  • Pour Dante (1965) («Til Dante»)
  • Chant pour un équinoxe (1971) («Song under ei solformørking»)
  • Nocturne (1973) («Nattmusikk»)
  • Sécheresse (1974) («Tørke»)
  • Œuvres complètes, (samla dikt; Bibliothèque de la Pléiade, 1972).

Saint-John Perse på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Hallvard H. Ystad og Gro Bjørnerud Mo, Anabasis / Eksil (2003).
  • Sigmund Skard Franske dikt : Villon - Hugo - Baudelaire - Claudel - Saint-John Perse (1967)
  • Emil Boyson omsette nokre av dei tidlege dikta til Perse.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for the soaring flight and the evocative imagery of his poetry which in a visionary fashion reflects the conditions of our time"
  2. Nobletildelinga 1950 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]