Saint-Malo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saint-Malo
Saintmalo.jpg
Flagget til Saint-Malo Byvåpenet til Saint-Malo
Flagget til Saint-Malo Byvåpenet til Saint-Malo
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bretagne
Ille-et-Vilaine
Geografi
Flatevidd
 - By

36,58 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

50 675
  1 385/km²
Koordinatar 48°38′53″N 02°00′27″WKoordinatar: 48°38′53″N 02°00′27″W
Høgd over havet 8 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-saint-malo.fr

Saint-Malo (Sant-Maloùbretonsk) innmurt hamneby i Bretagne, nordvest i Frankrike ved Den engelske kanalen. Han er sous-préfecture (underhovudstad) i departementet Ille-et-Vilaine.

Saint-Malo har om lag 50 000 innbyggjarar, men talet kan auke til opp mot 200 000 i turistsesongen om sommaren. Med forstader er folketalet om lag 135 000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saint-Malo var i mellomalderen ei festningsøy ved munningen av elva Rance, og kontrollerte både elvemunningen og det opne havet utanfor. Festninga Aleth, sør for senteret i det som i dag er bydelen Saint-Servan, kontrollerte reisande til Rance sjølv før romarane, men den moderne Saint-Malo har spor tilbake til ein klosterbusetnad grunnlagd av St. Aaron og St. Brendan tidleg på 500-talet. Namnet kjem frå ein mann som visstnok skal ha vore ein tilhengar av Brendan, St. Malo.

Saint-Malo var i lang tid sjølvstyrt i foretningar med franske og bretonske styresmakter. Frå 1590 til 1594 erklærte Saint-Malo seg ein sjølvstendig republikk med mottoet «ikkje fransk, ikkje bretonsk, men malouins».

Saint-Malo vart frykta som heim for korsarar, franske kaparar og stundom sjørøvarar. Korsarane frå Saint-Malo tvinga engelske skip som passerte i Kanalen til å betale skatt, men tok òg heim rikdomar frå område lenger borte. Jacques Cartier, som segla opp St. Lawrence-elva og vitja Quebec og Montréal, og som derfor har vorte kjend som oppdagaren av Canada, budde i og segla frå Saint-Malo. Det same gjorde dei første kolonistane som busette seg på Falklandsøyane, og derfor det franske namnet Îles Malouines på desse øyane, som har gjeve det spanske namnet Islas Malvinas.

Kommunen Saint-Servan vart slått i saman med Paramé og vart kommunen Saint-Malo i 1967.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saint-Malo