Saint-Omer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saint-Omer
Sentrum av Saint-Omer
Sentrum av Saint-Omer
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nord-Pas-de-Calais
Pas-de-Calais
Geografi
Flatevidd
 - By

16,4 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

15 747
  961/km²
Koordinatar 50°45′″N 02°16′″EKoordinatar: 50°45′″N 02°16′″E
Høgd over havet 6 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 62500
Heimeside: www.ville-saint-omer.fr
Plassering
Saint-Omer-Position.png

Saint-Omer er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (administrasjonssenter) i departementet Pas-de-Calais i regionen Nord-Pas-de-Calais, og har om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg 68 km nordvest for Lille. Byen er kalla opp etter St. Audomare (Omer) (d. om lag 670) som misjonerte i området.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ved Saint-Omer byrjar ein kanalisert del av elva Aa, som munnar ut i Nordsjøen ved Gravelines. Elva er forbunde med Neufossé-kanalen, som endar opp i Lys.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omer, biskop av Thérouanne, oppretta eit kloster for St. Bertin her på 600-talet.

På 800-talet voks landsbyen rundt klosteret og fekk namnet St. Omer. Normannarar jevna staden med jorda omkring 860 og 880, men ti år seinare hadde byen og klosteret fått bymur som verna dei frå vidare åttak.

Byen ligg i eit område som har vorte mykje kjempa om mellom franskmenn, Flandern, engelskmenn og spanjolar. St. Omer var av den grunn mykje omleira og fleire gonger øydelagd. I 1071 vart Filip I og Grev Arnulf III av Flandern slått ved St. Omer av Robert I av Flandern. I 1127 fekk byen kommunestatus av William Clito, greve av Flandern. I 1340 vart det utkjempa eit stort slag her mellom den anglo-flamske hæren og den franske under leiing av hertug Eudes IV av Burgund. Dei flamske styrkane vart tvungen til å trekke seg tilbake.

I 1493 vart han ein del av Nederlanda og spansk styre. Franskmenna prøvde fleire gonger å vinne byen tilbake mellom 1551 og 1596, og igjen i 1638 (under Kardinal Richelieu) og 1647. Men i 1677, etter 17 dagar med omleiring, tvinga Louis XIV byen til å overgje seg. Denne erobringa vart stadfesta i Nijmegen-traktaten. I 1711 var Saint-Omer på nippet til å overgje seg til Prins Eugene av Savoie og hertug John Churchill av Marlborough på grunn av matmangel, men vart redda av ei modig Jacqueline Robin, som risikerte livet sitt med å føre forsyningar inn i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saint-Omer