Saint John's
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også: St. John's på Newfoundland i Canada.
| Saint John's | |
|---|---|
| Saint John's | |
| Styresmakter | |
| Land Øy |
Antigua og Barbuda Antigua |
| Grunnlagd | 1632 evt. |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
10 km² |
| Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
31 000 3 100/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | AST (UTC-4) |
| Plassering | |
Saint John's er hovudstaden og den største byen i Antigua og Barbuda. Byen ligg ved ei naturleg hamn på nordvestsida av øya Antigua. Arealet på byen er 10 km2 og folketalet var 31 000 innbyggjarar i 2005. Her er ei travel hamn og produksjon av tekstilar, rom, tre- og metallvarer. I tillegg er det noko finansverksemd og turisttrafikk i form av cruiseskip. Katedral vart bygd i 1845 og byen har eit historisk museum.
Byen var administrerande senter i kolonien Antigua og Barbuda frå 1632 til 1981. Det året vart landet sjølvstendig og Saint John's vart hovudstad.
Kjelder[endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Saint John's»