Saint Kitts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørspissen av Saint Kitts. På den andre sida av sundet ligg Nevis

Saint Kitts er ei øy i Det karibiske havet. Øya utgjer saman med øya Nevis landet Saint Kitts og Nevis.

Øya er ei av Leewardøyane i Dei små Antillane. Øya ligg ca 2100 km søraust for Florida. Innbyggjartalet på Saint Kitts er 35 000, og arealet er 168 km². Øya er kring 29 km lang og 8 km brei.

Den største byen på Saint Kitts er Basseterre, som òg er hovudstad i landet.

Historia som sukkerprodusent basert på slaveri under engelsk herredømme gjer at fleirtalet på øya har afrikansk opphav.

Brimstone Hill Fortress nasjonalpark er ein verdsarvstad og ei av dei største festningane som er bygd i det austlege Karibia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]