Sainte-Baume

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellmasivet Massif de la Sainte-Baume
Vestryggen av la Sainte-Baume fotografert frå toppen Joug de l'Aigle.
Fjelltoppen Le pic de Bertagne.
Inne i grotta la Sainte-Baume kvar Maria Magdalena skal ha budd ifølgje lengenda.

Sainte-Baume (la Santa Bauma etter klassisk provençalsk oksitansk skrivemåte og la Santo Baumo etter ein annan variant) er ein fjellrygg som dekkjer delar av departementa Bouches-du-Rhône og Var i Provence sør i Frankrike. Namnet på fjellkjeda tyder «Den heilage grotta», og refererer til ei grotte som Maria Magdalena skal ha budd i.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Ei av grottene i fjellmassivet, La grotte aux Oeufs, «Egge-grotta».

Sainte-Baume, som ligg nokre tjue kilometer frå middelhavskysten, og soleis i nærleiken av storbyar som Marseille, Aix-en-Provence og Toulon, er den størst og høgaste av fjellkjeda i Provence, danna av sedimentære bergartar som har vorte folda. Fjellkjeda har ei utstrekning på trettifem kilometer i lengda og på om lag femten kilometer i breidda, med ein om lag tretten kilometer lang rygg. Fjelltoppane le Joug de l'Aigle («ørnas åk») på 1 148 meter og le pic de Bertagne («Bertagnetinda») på 1 042 meter er dei høgste punkta langs denne ryggen. Ein tre hundre meter bratt fjellvegg i le Joug de l'Aigle er populær blant fjellklatrarar.

Sainte-Baume-massivet er sett på som det viktigaste vatnreservoaret i regionen. På grunn av det regn- og snørike klimaet i fjella langs middelhavskysten har mange elver utspring her, som l'Huveaune, la Vède, le Peyruis, le Gaudin, le Caramy, l'Issole, le Gapeau, le Fauge og fleire. Dessuten finst det ei stor mengd underjordiske elver og holer med elver, og meir eller mindre tørre grotter.

Maria Magdalena[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje franske segner skal Maria Magdalena og bror hennar Lasarus, og Maximinus, ein av dei sytti disiplane, i tillegg til nokre andre av fylgjet, ha reist over Middelhavet i ein liten båt utan ror eller mast etter å ha vorte vist ut av Det heilage landet. Dei kom i land ved ein stad kalla Saintes-Maries-de-la-Mer nær Arles. Maria Magdalena skal ha kome til Marseille og omvende heile distriktet Provence til kristendommen før ho drog seg attende til ei grotte, La Sainte-Baume («Den heilage grotta», baumo på provensalsk), der ho gjorde bot i tretti år. Grotta er ein kristen pilegrimstad med relikviar som vert tilskrive Maria Magdalena.

I førkristen tid skal grotter i området likeeins ha vore nytta til kultiske aktivitetar for ymse heidne guddommar og makter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sainte-Baume