Sakhalin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sakhalin
Lokalt namn: Сахалин
Sea of Okhotsk map ZI-2b.PNG
Geografi


Stad Stillehavet
Koordinatar 51°00′N 143°00′EKoordinatar: 51°00′N 143°00′E
Areal 78 000 km² km²
Høgaste punkt Lopatin (1609 moh moh.)
Administrasjon
Land Russland
Største busetnad Juzjno-Sakhalinsk (174 203 innb.)
Demografi
Folketal 673 100 (2005)
Folketettleik 8,62/km² /km²

Sakhalin (russisk Сахалин, japansk 樺太 (Karafuto) eller サハリン (Saharin); kinesisk 庫頁 Kùyè), er ei stor, lang øya nord i Stillehavet. Ho er ein del av Russland og den største øya i landet. Ho vert administrert av Sakhalin oblast. Dei innfødde folkegruppene på øya er ainu, orokar og nivkhar.[1] Dei fleste ainufolka flytta til Hokkaidō då japanarane vart kasta ut av øya i 1949.[2]

Det europeiske namnet på øya er ei mistolking av manchunamnet sahaliyan ula angga hada («toppen ved munningen til elva Amur») Sahaliyan tyder «svart» på manchu og referer til elva Amur (sahaliyan ula). Det japanske namnet Karafuto (樺太) kjem frå ainu Kamuy-Kara-Puto-Ya-Mosir (Kara Puto), som tyder «Gud av munningen til vasslandet». Dette namnet vart nytta av japanarane då dei styrte den sørlege delen av øya (1905-1945).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sakhalin var busett i steinalderen. Det er funne mange flintreiskap ved Dui og Kusunai. Frå bronsealderen har ein funne spor etter jordmurar og møddingar ved Anivabukta.

Av dei innfødde folkegruppene på Sakhalin finn ein ainufolket på den sørlege halvdelen, orokane sentralt og nivkhane i den nordlege delen.[3] Kinesarane skreiv om folkegruppene Xianbei[4] og Hezhe, som levde av fiske. Det kinesiske Mingdynastiet kalla øya Kuyi (kinesisk 苦兀 Kǔwù) og seinare Kuye (kinesisk 庫頁 Kùyè). Ein kort periode (1409-1435) var Kuye underlagt ein kommandørpost som Mingdynastiet oppretta og det står framleis ein grensestein frå denne tida på øya. I følgje Wei Yuan sitt verk Militærhistoria til Qingdynastiet (聖武記 Shèngwǔ Jì), sende dei 400 soldatar til Sakhalin i 1616 etter at japanarane fatta interesse for øya, men dei trekte seg seinare tilbake då ein ikkje rekna øya som ein trugsel.

Det vart oppretta ein japansk busetnad på den sørlege halvdelen av Sakhalin kalla Ootomari i 1679 i eit forsøk på å kolonisere øya. Kartografar frå Matsumae-klanen teikna eit kart over øya og kalla ho Kita-Ezo (Nord-Ezo, Ezo er det gamle namnet på Hokkaidō). Nertsjinsk-traktaten frå 1686 mellom Russland og Kina, som definerte Stanovojfjella som grensa mellom dei, nemnde ikkje eksplisitt øya. Likevel starta Russland å okkupere øya med ein hær som bestod av straffedømde frå 1700-talet og framover. Qingriket kravde òg herredøme over øya. Dei kinesiske styresmaktene hadde derimot ikkje militære styrker på øya og folk frå både Japan og Russland prøvde å kolonisere øya frå kvar sin ende.

Sakhalin vart kjend for europearane etter reisene til Ivan Moskvitin og Martin Gerritz de Vries på 1600-talet, og enno betre kjend etter reisene til Jean-François de La Pérouse (1787) og Ivan Krusenstern (1805). Alle desse rekna øya som ei halvøy og kjende ikkje til Tartarsundet, som vart oppdaga i 1809 av Mamiya Rinzo.

Sakhalin

Basert på at ho var ei forlenging av Hokkaidō, både geografisk og kulturelt, gjorde Japan krav på heile øya i 1845, samt øygruppa Kurilane, som Russland òg kravde herredøme over. Den russiske sjøfararen Gennady Nevelskoj stadfesta endeleg at Tartarsundet eksisterte og var framkommeleg i 1849 og trass i krava til Qing og Japan oppretta russiske nybyggjarar kolgruver, offentlege bygg, skular, fengsel og kyrkjer på øya.

I 1855 signerte Russland og Japan Shimoda-traktaten, som erklærte at begge landa kunne byggje på øya, russarane i nord og japanarane i sør, utan at det vart oppretta klåre grenser mellom dei. Russland gjekk òg med på å nedruste militærbasen i Ootomari. Etter Opiumkrigen tvinga Russland Kina til å signere den urettvise Aiguntraktaten og Pekingkonvesjonen der Kina mista alle krav på landområde nord for Heilongjiang (Amur) og aust for Ussuri, inkludert Sakhalin, til Russland. Ein katorga (straffekoloni) vart oppretta av Russland på Sakhalin i 1857, men den sørlege delen av øya vart halde av japanarane til St. Petersburg-trakataten i 1875, då denne delen vart avstått til Russland i byte for Kurilane. Etter den russisk-japanske krigen signerte dei to landa Portsmouth-traktaten i 1905, som førte til at den sørlege halvdelen av Sakhalin gjekk tilbake til Japan. Russland heldt om lag 60 % av landområdet. Sør-Sakhalin vart administrert av Japan som Karafuto-chō (樺太庁) med Toyohara som hovudstad, i dag Juzjno-Sakhalinsk og mange flytta hit frå Japan og Korea.

I august 1945, som følgje av Jaltakonferansen, tok Sovjetunionen kontroll over heile Sakhalin. Det sovjetiske åtaket på Sør-Sakhalin starta 11. august 1945, som ein del av den manchuriske strategiske offensiven, fire dagar før Japan overgav seg etter bombinga av Hiroshima. Sjølv om den raude arméen talde tre gonger så mange som japanarane klarte dei ikkje å ta dei japanske styrkane. Det var først då forsterkingar ankom Tōro (塔路), ein landsby ved kysten, vest på Sakhalin, den 16. august at sovjetarane braut gjennom forsvarslinjene til Japan. Enkelte kamphandlingar heldt fram til 21. august og dei neste dagane overgav dei fleste japanske styrkane seg. Den sovjetiske erobringa av Sakhalin var komplett den 25. august 1945 då dei erobra hovudstaden Toyohara.

Det vart ikkje signert ein endeleg fredsavtale og statusen til dei fire naboøyane er framleis omstridd. Japan sa frå seg kravet om den sørlege halvdelen av Sakhalin og Kurilane etter San Francisco-traktaten (1951), men hevdar i dag at dei fire naboøyane som i dag vert styrt av Russland ikkje var ein del av dette avkallet. Japan har derimot gjeve gjensidig visum til japanske familiar og ainufamiliar som er delt på grunn av den russiske okkupasjonen. Nyleg har det økonomiske og politiske samarbeidet gradvis betra seg mellom dei to landa trass i usemja omkring desse øyane.

Ei sivilt sørkoreansk fly som fauk over Sakhalin vart skote ned like vest for øya av Sovjetunionen 1. september 1983. Flyet fauk ulovleg over sovjetisk luftrom og utan løyve først over Kamtsjatkahalvøya, like før sovjetarane skulle prøveskyte ein SS-25, ein ulovleg (ifølgje SALT II-avtalar) interkontinental ballistisk missil (ICBM). Flyet svarte ikkje då sovjetiske styresmakter prøvde å kontakte flyet og dei meinte det var eit spionfly. Alle 269 om bord på flyet omkom.

28. mai 1995 råka eit jordskjelv som målte 7,5 på richterskalaen øya og 2000 menneske i byen Neftegorsk mista livet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sakhalin er skild frå fastlandet via det smale og grunne Mamijasundet eller Tartarsundet, som ofte frys til om vinteren i den smalaste delen. Mellom Hokkaidō (Japan) i sør ligg Soyasundet eller La Pérouse-sundet. Sakhalin er den største øya i Russland og er 948 km lang og 25 til 170 km brei med eit areal på 78 000 km².

Den orografiske og geologiske strukturen til øya er ikkje fullt ut kjend. Nesten to tredjedelar av Sakhalin er fjellkledd. To parallelle fjellkjeder kryssar øya frå nord til sør og når høgder på 600 til 1500 meter over havet. Dei vestlege Sakhalinfjella har Itsjara som det høgaste punktet på 1481 meter over havet, medan det høgaste fjellet på øya, Lopatin, ligg i Dei austlege Sakahlinfjella med ei høgd på 1609 meter over havet. Tym-Poronaiskaja-dalen ligg mellom dei to fjellkjedene. Susuanaiskij- og Tonino-Anivskij-fjella kryssar øya i sør, medan ei myrlendt slette dekker den nordlege delen av øya.

Krystallinske bergartar dukkar opp fleire stader. Kalkstein frå krittida med gigantiske ammonittar finn ein ved Dui på vestkysten og konglomerat, sandstein, mergel og leire frå tertiærtida finn ein fleire stader på øya. Leira, som inneheld lag med god kol og mykje fossil vegetasjon viser at Sakhalin under miocen var ein del av kontinentet som utgjorde Nord-Asia, Alaska og Japan, og hadde eit varmare klima enn i dag. Pliocenavleiringar inneheld blautdyr som er meir arktiske enn dei som lever her i dag, noko som indikerer at tilkomsten mellom Nordishavet og Stillehavet truleg var breiare enn i dag.

Dei største elvane på øya er Tym på 400 km. 80 km av ho er framkommeleg for lette båtar og ho renn nord og nordaustover med mange stryk og grunner før ho munnar ut i Okhotskhavet. Poronai renn sør og søraustover til Terpenibukta på søraustkysten. Tre andre, mindre elvar, munnar ut i den breie Anivabukta heilt sør på øya.

Det nordlegaste punktet på Sakhalin er Kapp ElisabethSjmidthalvøya. Kapp Krillon er det sørlegaste punktet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1900-talet levde om lag 32 000 russarar (der 22 150 var straffangar) på Sakhalin i lag med fleire tusen av dei innfødde. I dag er innbyggjartale på over 600 000 der 83 % er etniske russarar, 5,5 % koreanarar, i tillegg til ukrainarar og tatarar. Av dei innfødde folkegruppene finn ein om lag 2000 nivkhar, 750 orokar, 200 evenkar og nokre jauktar. Nivkhane i nord livnærer seg av fiske og jakt.

Hovudstaden er Juzjno-Sakhalinsk, ein by med om lag 175 000 innbyggjarar. Han inneheld ein stor koreansk minoritet, ofte kalla sakahlin-koreanarar, som vart ført hit med tvang av japanarane under den andre verdskrigen for å arbeide i kolgruvene. Dei fleste innbyggjarane lever på den sørlege halvdelen av øya, hovudsakleg rundt Juzjno-Sakhalinsk og dei to hamnebyane, Kholmsk og Korsakov (om lag 40 000 innbyggjarar kvar).

400 000 japanske innbyggjarar på Sakhalin (inkludert dei innfødde ainuane) vart deportert etter at Sovjetunionen erobra den sørlege halvdelen av øya i 1945 mot slutten av den andre verdskrigen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet til Sakhalin er ganske kaldt på grunn av det rå og tåkete Okhotskhavet, men likevel langt mindre kaldt enn det sibirske innlandet. Ved Dui er den årlege middeltemperaturen berre 0,5 °C (januar -15,9 °C; juli 16,1 °C) og 3,1 °C ved Aniva (januar −12,5 °C; juli 15,7 °C). Ved Aleksandrovsk-Sakhalinskij nær Dui varierer normaltemperaturen frå 27 °C i juli til −39 °C i januar, medan dei indre områda ved Rykovsk kan få temperaturar ned mot −45 °C. Nedbørsnormalen er rundt 570 mm. Tjukt skydekke dekker ofte øya , medan den kalde havstraumen i Okhotskhavet og nordaustlege vindar fører med seg isfjell langs austkysten om sommaren.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Heile øya er dekt av tett skog, hovudsakleg barskog. Yezogran (Picea jezoensis), sakhalinfuru (Abies sachalinsis) og dahurisk lerke (Larix gmelinii) er dei største tregruppene. I høgareliggande område finn ein sibirsk dvergfuru (Pinus pumila) og kurilsk bambus (Sasa kurilensis). Bjørker, både sibirsk hengebjørk (Betula platyphylla) og ermanbjørk (B. ermanii), poppel, alm, heggbær (Prunus padus), japansk barlind (Taxus cuspidata) og fleire piletre er blanda inn i barskogane. Lenger sør finn ein lønn, raun, eik, amurkork (Phellodendron amurense), beinved (Euonymus macropterus) og thunbergia (Vitis thunbergii). I underskogen finn ein mange bærplanter (som molte, tranebær, krekling, tytebær), hyllebær (Sambucus racemosa), villbringebær og spirea.

Det er mykje bjørn, rev, oter og sobel på øya, samt reinsdyr i nord og moskushjort, hare, ekorn, rotter og mus finst overalt. Av fuglar finn ein hovudsakleg dei vanlege austsibirske artane, men det er òg nokre endemiske og nesten endemiske artar som hekkar her, som den utryddingstrua flekkgluttsnipe (Tringa guttifer) og sakhalinsongar (Phylloscopus borealoides). I elvane er det mykje fisk, særleg laksefisk (Oncorhynchus). Ved kysten finn ein mykje kval som den nesten utrydda kaliforniske gråkvalen.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Transport, særleg via sjøen, er ein viktig del av økonomien. Nesten alle varer som kjem til Sakhalin (og Kurilane) kjem via lasteskip eller ferjer med jernbanevogner via Vanino-Kholmsk. Hamnene Korsakov og Kholmsk er dei største og handsamar alle typar varer, medan kol og tømmer ofte går til andre hamner. I 1999 opna det ferjerute mellom Korsakov og Wakkanai i Japan.

Om lag 30 % av all innlandstransport skjer via jernbane. Sakhalin har jernbanelinjer som går frå Nogliki i nord til Korsakov i sør. Det finst òg smalspora jernbanelinjer frå Nogliki til Okha, som har ei lengd på 228 km. Via ferjesambandet Vanino-Kholmsk har Sakhalin jernbanesamband til resten av Russland. Jernbanenettverket vert fortida ombygd frå japansk standard til russisk standard[5][6] Dei opphavlege japanske damplokomotiva D51 vart nytta av det sovjetiske jernbaneverket fram til 1979.

Dette japanske D51-lokomotivet står utanfor jernbanestasjonen i Juzjno-Sakhlainsk.

Sakhalin har flysamband til Moskva, Khabarovsk, Vladivostok og andre byar i Russland. Juzjno-Sakhalinsk lufthamn har internasjonale flysamband til Hakodate i Japan og Seoul og Busan i Korea. Det går òg charterfly til japanske byar som Tokyo, Niigata og Sapporo og kinesiske byar som Shanghai, Dalian og Harbin.

Ideen om å byggje eit fastlandssamband til Sakhalin vart først lagt fram i 1930-åra. I 1940-åra vart det gjort forsøk på å byggje ein 10 km lang undersjøisk tunnel.[7] Arbeidarane kom visstnok nesten halvvegs før prosjektet vart skrinlagd under Nikita Khrusjtsjov.[treng kjelde] I 2000 gav dei russiske styresmaktene nytt liv til ideen og foreslo å ei 40 km lang bru mellom Sakhalin og Hokkaidō og gje Japan fastlandssamband til det euroasiatiske jernbanenettverket. Japanarane var skeptiske og planane er truleg skrinlagd etter at kostnadane vart estimert til om lag 200-300 milliardar kroner.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien til Sakhalin baserer seg på ressursar som olje og gass, kol, skogbruk og fiske. Det vert dyrka noko [[korn) og grønsaker, men vekstsesongen er mindre enn 100 dagar.

Etter at Sovjetunionen kollapsa og økonomien vart liberalisert har Sakhalin opplevd ein økonomisk vekst på grunn av dei store olje- og gassfelta i området, som er estimert til å innehalde 14 milliardar tønner olje og 2700 km³ med gass. Dette vert i dag utvikla i samarbeid med internasjonale oljeselskap som ExxonMobil og Shell.

I 2000 utgjorde olje- og gassindustrien 57,5 % av dei totale industriutbyttet til Sakhalin. I 2006 var dette auka til 80%. Sakhalin sin økonomi har auka raskt på grunn av olje- og gassindustrien, og i 2005 var øya det største området for utanlandske investeringar i Russland etterfølgd av Moskva. I 2002 var arbeidsløysa på berre 2 %. All olje og gass vert derimot eksportert og ikkje noko er att til innbyggjarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dei innfødde folkegruppene - The Sakhalin Regional Museum — Sakh.com
  2. Reid, Anna. The Shaman's Coat: A Native History of Siberia. New York, New York: Walker & Company. 2003. s.148-150 ISBN 0-8027-1399-8
  3. Gall, Timothy L. Worldmark Encyclopedia of Cultures og Daily Life. Detroit, Michigan: Gale Research Inc. 1998. s.2-3. ISBN 0-7876-0552-2
  4. Sakhalin: Encyclopedia II - Sakhalin - History
  5. Jernbanane på Sakhalin - JSC
  6. Jernbanane på Sakhalin - International Steam Locomotives
  7. Berliner Zeitung, «Der Tunnel nach Sachalin»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sakhalin