Sakshaug gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°52′30″N 11°16′3″E

Sakshaug gamle kyrkje
Sakshaug gamle kirke.jpg

Sakshaug

Generelt

Den norske kyrkja

Innvigd:  1184
Arkitektur
Teknikk:  Mur
Materiale:  Kalkstein
Kyrkjerommet
Døypefont:  Frå mellomalderen
Altartavle:  Frå 1692
Diverse:  Kyrkja høyrer til Fortidsminneforeninga
Commons-logo.svg
Sakshaug gamle kyrkje på Commons

Sakshaug gamle kyrkje ligg i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag og er ei steinkyrkje i normannisk stil med gotiske trekk.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja vart vigsla av Erkebiskop Øystein i 1184 og vart teken ut av bruk i 1871 då nye Sakshaug kyrkje vart vigsla. Kyrkja vart overdregen til fortidsminneforeningen i 1873 og vart restaurert frå 1910 til 1958 etter å ha stått utan tak og interiør sidan 1873. Ved vindauga og korbogen finst det steinhoggarmerke som viser at det var steinhoggarar frå bygginga av Nidarosdomen som bygde denne kyrkja.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Portal på nordveggen

Veggane er i kistemurar i kalkstein, og kyrkja er forsterka med støttemurar på sørsida. Grunnplanet har rektangulært skip og nært kvadratisk kor. Sakristiet vart bygd ca. 1430 over ei kjelde på sørsida og var opphavleg eit kapell. Portalane i skipet er romanske (rundboga), men portalen til koret i sør er spissboga med marmor og kapitelar.

Dekor[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er sparsommeleg dekorert utvendig. På nord- og vest-sida er det s.k. demonmasker som var vanleg på tida kyrkja vart bygd. Det har vore tårn på kyrkja før - på tersklane til portalen på sørsida er det rissa inn eit bilete av kyrkja med tårn. Kyrkja hadde også tårn då ho vart teken ut or bruk i 1871, men kyrkja har ikkje tårn i dag.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Demonmaske frå nordveggen

Døypefonten er frå mellomalderen og er teken vare på. Preikestolen er i tre og frå 1646 og er skoren ut av Johan Bilthugger og er måla av Johan Kontrafeier. Det oppmura altarbordet har eit relikviegøyme i altarplata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]