Saksofon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saksofon

Klassifiseringtreblåseinstrument, single clarinets with conical bore, instrument med enkelt røyrblad
Hornbostel-Sachs klassifisering422.212-71
Speleregister
Register

Saksofon er eit instrument i treblåseinstrument-familien. Instrumentet blir brukt både innan klassisk musikk og moderne musikkformer som jazz og popmusikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå dei fleste andre instrument er saksofonen i hovudsak ikkje eit resultat av ei gradvis historisk utvikling. Instrumentet er eit resultat av éin manns arbeid på midten av 1840-talet, den belgiske musikaren og instrumentbyggaren Adolphe Sax.

Altsaksofon

Størrelse og klang[endre | endre wikiteksten]

Det vert ofte sagt om saksofonen at det er det mest ekspressive instrumentet, rett etter den menneskelege stemma. Moderne saksofonistar som Jan Garbarek og David Sanborn er gode døme på dette.

Opphavleg bestod saksofonane av to familiar på sju instrument kvar: Orkester-familien med instrument stemt i C og F og band-familien med instrument stemt i Bb og Eb.

Gisle Johansen, tenorsaksofonist frå Noreg.

Kvar familie bestod av sopraninosaksofon, sopransaksofon, altsaksofon, tenorsaksofon, barytonsaksofon, bass-saksofon, kontrabass-saksofon og subkontrabass-saksofon.

I dag er instrument i orkesterfamilien svært sjeldsynte. Og av band-instrumenta er altsaksofon og tenorsaksofon dei mest vanlege.

Materiale og konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Saksofonen er ein del av treblåseinstrument-familien, sjølv om instrumentet i hovudsak er laga av metall som til dømes messing eller kopar. Det finst òg saksofonar laga av andre materiale som til dømes tre eller plast. Saksofonistar som Charlie Parker og Ornette Coleman er døme på saksofonistar som spela på saksofonar laga av plast.

Fingersystemet til saksofonen er i stor grad arva frå tverrfløyta og klarinetten.

Munnstykke[endre | endre wikiteksten]

To munnstykke for tenorsaksofon.

Munnstykket blir laga i ei rekkje materiale, som hardplast, tre og ulike metall. Saman med konstruksjonen har materialet stor innverknad på klangen: Noen tror at munnstykke laga av metall gir ein skarpare tone enn den mjuke tonen ein kan få gjennom munnstykke laga av hardplast eller tre, dette er feil. Det er hvordan munnstykket er konstruert som avgjøre om det gir rund eller spiss lyd etc. Et stort kammer/rom inne i munnstykket gir en mørk klang, mens at et lite kammer gir mer fart på lufta og tonen blir spissere og mer gjennomtrengende.

Røyrblad[endre | endre wikiteksten]

Frederick L. Hemke alt og tenor røyrblad.

Til liks med klarinetten nyttar saksofonen eitt røyrblad (òg kalla flis). Røyrblada er normalt laga av bambus, men det finst òg røyrblad laga av syntetisk materiale. Dei syntetiske utgåvene har lenger levetid, men den klanglege kvaliteten har tradisjonelt vore dårlegare.

Saman med munnstykket er kvaliteten på røyrbladet den viktigaste delen av saksofonen; kombinasjonen og kvaliteten av desse er avgjerande for å få ein god og livskapande klang i instrumentet.

Slektningar[endre | endre wikiteksten]

  • Soprillo (i Bb), éin oktav over sopransaksofonen
  • Tubax (i Ess, C eller Bb), ein variant av kontrabass-saksofonen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]