Saksofonisten Bill Evans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bill Evans (1986)

Bill Evans (fødd 9. februar 1958) er ein amerikansk jazz- og pop-saksofonist.

Evans fekk pianoundervisning av faren og lærte seg å spele klarinett frå elleve-årsalderen. Han studerte ved North Texas State University og William Paterson College i New Jersey, der han fekk undervisning av David Liebman i New York og jamma med Thad Jones, Liebman, Joanne Brackeen og Art Blakey. På starten av 1980-åra spelte han med Mark Egan og Danny Gottlieb i Elements.

Han spelar til vanleg tenor- og sopransaksofon og blei kjend da han var ein av Miles Davis sine musikarar i tida 1980 til 1984. Evans har blant andre spelt med Randy Brecker, John Scofield, Les McCann, Lee Ritenour, Vinnie Colaiuta, Herbie Hancock, David Sanborn, Ron Carter, Mick Jagger, Victor Bailey, Dennis Chambers, Dino Betti van der Noot og Victor Wooten. Frå 1981 spelte han ofte med gruppa til Gil Evans og frå 1984 var han med i John McLaughlin sitt nyoppretta Mahavishnu Orchestra.

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Bill Evans – Living in the Crest of a Wave (1984, Electra/Musician) (Debutalbum)
  • Bill Evans – The Alternative Man (1986, Blue Note)
  • Bill Evans – Summertime (1989, Jazz City)
  • Bill Evans – Let the Juice Loose – Live at the Tokyo Blue Note Vol 1 (1990, Jazz City)
  • Bill Evans – The Gambler – Live at the Tokyo Blue Note Vol 2 (1991, Jazz City)
  • Bill Evans – Petite Blond (1992, Lipstick Records)
  • Evans, Bailey, Chambers, Forman, Loeb – Petite Blonde (1992, Lipstick Records)
  • Bill Evans – Push (1993, Lipstick Records)
  • Bill Evans & Push – Live in Europe (1995, Lipstick Records)
  • Bill Evans – Escape (1996, ESC Records)
  • Bill Evans – Starfish & the Moon (1997, Escapade)
  • Bill Evans – Touch (1998, ESC/EFA)
  • Bill Evans – Soul Insider (2000, ESC/EFA)
  • Bill Evans – Big Fun (2003, ESC Records)
  • Bill Evans – Soulgrass (2005, BHM Zyx)
  • Bill Evans, Randy BreckerSoulbop Band – Live (2005, BHM/Zyx)
  • Bill Evans – The Other Side of Something (2007, intuition)
  • Bill Evans – Vans Joint (2009, BHM/Zyx)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bill Evans