Sakurajima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sakurajima
fjell
Land  Japan
Del av 200 Famous Japanese Mountains, Top 100 Geological Sites in Japan, Dekadevulkan
Kart
Sakurajima
31°34′50″N 130°39′29″E / 31.580555555556°N 130.65805555556°E / 31.580555555556; 130.65805555556
Wikimedia Commons: Sakurajima

Sakurajima (japansk 桜島, bokStavleg ‘kirsebærøy’) er ein aktiv stratovulkan nær byen KagoshimaKyushu i Japan.[1] Vulkanen låg tidlegare på ei øy, men lavaflaumen ved det siste store utbrotet hans i 1914 batt saman øya med Osumi-halvøya.[2]

Vulkanen har tre toppar: Kita-dake ('nordtoppen'), som er den høgaste på 1 117 moh., Naka-dake ('midtoppen') og Minami-dake ('sør-toppen'), som er aktiv no. Vulkanen er rekna som farleg, og det japanske meteorologibyrået åtvarar mot å nærma seg han. Vulkanen har oransje nivå 3-åtvaring som den einaste i landet (juni 2014).[3]

Sakurajima (1853) av Hiroshige.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sakurajima ligg i ein kaldera kalla Aira som blei skapt i eit kjempeutbrot for rundt 22 000 år sidan.[4] Kalderaen har ein diameter på rundt 2 mil. Sakurajima ligg rundt 8 km sør for senteret.

Den vulkanske aktiviteten som skapte Sakurajima byrja for rundt 13 000 år sidan.[5] Den vulkanske aktiviteten i Kita-dake enda for rundt 4 900 år sidan, og sidan har Minami-dake stått for utbrota. Det første dokumenterte utbrotet fann stad i 708.[6] Medan dei fleste utbrota berre føregår rundt toppen, har vulkanen også hatt utbrot som råka områda rundt i 1471–1476, 1779–1782 og 1914.

1914-utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Sakurajima og Kagoshima i 1907.

Sakurajima-utbrotet i 1914 var det sterkaste som fann stad i Japan på 1900-talet. Det kom etter over hundre år der vulkanen hadde vore sovande. Utbrotet hadde størst effekt på landskapet, der lavaflaumar fylte igjen sundet mellom vulkanøya og fastlandet. Ingen menneske omkom av direkte vulkansk aktivitet, men fleire døydde på grunn av jordskjelva knytt til aktiviteten.[4]

Utbrotet byrja 11. januar 1914. Då hadde nesten alle innbyggjarane på Sakurajima drege frå øya etter å ha blitt åtvara om eit snarleg utbrot av fleire større jordskjelv. I førstninga var utbrotet eksplosivt med utbrotssøyler og pyroklastiske straumar. Etter eit veldig jordskjelv den 13. januar, som drap 35 menneske, byrja ein stor lavaflaum som vara ved i fleire månader.[4] Lavaflaumar er uvanlege i Japan. Det høge silisiumdioksidinnhaldet i magmaen der betyr at eksplosive utbrot er mykje vanlegare.[7]

Vulkanøya voks, tok opp i seg fleire holmar i nærleiken, og blei til slutt bunden til fastlandet ved hjelp av eit smalt eid. Delar av Kagoshima-bukta blei mykje grunnare, og derfor fekk ein endra tidvatn med mykje høgare høgvatn. Etter at magmakammeret under Aira-kalderaen var blitt tømt sokk kalderaen rundt 60 cm.[4]

Nyare aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde teke av Sakurajim i november 2013, under eit oskeutbrot.
Sakurajima i solnedgang.
Foto: Kimon Berlin, 2011

Sakurajima har hatt tydelegare aktivitet av frå 1955, og har hatt utbrot nesten heile tida sidan. Vulkanen har tusenvis av små eksplosjonar kvart år som slenger vulkansk oske nokre kilometer opp i lufta. Eit vulkanobservatorium blei skipa i 1960 for å studera desse utbrota.

Sakurajima hadde ein større eksplosjon 10. mars 2009, som følgde fleire små eksplosjonar i dagane før. Utbrotet gjorde ingen større skade.[8] Han hadde også fleire betydelege eksplosjonar i 2011, 2012 og 2013.[9]

18. august 2013 hadde vulkanen eit nytt utbrot som kasta oske 5000 meter opp i lufta, skugga for sola og gav ein god del oskenedfall i sentrale Kagoshima. Utbrotet var det 500. det året.[10]

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Sakurajima er del av Kirishima-Yaku nasjonalpark, og lavaflaumane er ein stor turistattraksjon. Området rundt Sakurajima har fleire onsen (badestader) som nytter seg av dei varme kjeldene her.[11]

Området er også kjend for Sakurajima-daikon, ein variant av japansk reddik på storleik med ein basketball som er verdas største reddik.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nussbaum, Louis-Frédéric. (2005). "Sakurajima" in Japan Encyclopedia, p. 814
  2. Davison C (21. september 1916). «The Sakura-Jima Eruption of January, 1914». Nature 98: 57–58. Bibcode:1916Natur..98...57D. doi:10.1038/098057b0. 
  3. «Volcanic Warnings», jma.go.jp
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «The 1914 Sakurajima explosion at Volcanoworld». Henta 3. august 2007. 
  5. «Sakurajima at Activolcan.info» (på fransk). Henta 3. august 2007. 
  6. «Sakura-jima, Japan». VolcanoWorld. Oregon State University. Arkivert frå originalen 1. august 2008. Henta 12. oktober 2008. 
  7. «Japanese Volcanoes at the Northern Illinois University». Henta 6. august 2007. 
  8. «Japan's Sakurajima volcano erupts». March 10, 2009. Henta March 16, 2012. 
  9. VolcanoDiscovery
  10. «Sakurajima spews its highest volcanic column ever at 5,000 meters». Asahi Shimbum. 18. august 2013. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 18 August 2013. 
  11. 11,0 11,1 «Sakurajima information], synapse.ne.jp». Henta 6. august 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sakurajima