Salah Ed-Din-borga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salah Ed-Din

Salah Ed-Din-borga eller Qal'at al-Sahyun (arabisk Qal’at Salah Al-Din ) er ein borgruin i det vestre Syria ca. 24 km austom hamnebyen Al-Ladhiqiyah (Latakia), i eit terreng med høge fjell, på ei høgd mellom to ravinar og omgjeve av skog.

Festninga var brukt under krosstoga, og vart saman med Krak des Chevaliers (Qal'at Al-Hosn) teken opp på verdsarvlista til UNESCO i 2006.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Borga vart oppførd under Austromarriket på 1000-talet, truleg over ruinar frå ei fønikisk festning. Ho fungerte som ein strategisk utpost for krossfararane sine raid og angrep. Den dominerande plasseringa og festningsarbeidet som vart gjord på slutten av 1200-talet gjorde han praktiskt talt umogeleg å erobre for kringsetjande styrkjer. Borga vart styrd av Johannittarordenen, og ho vart utsett for ei rekkje kringsetjingar før ho i 1188 vart erobra av den mulimske hærføraren Saladin. Ho har fått namnet sitt frå Saladin. Seinare heldt festningsarbeidet fram, sjølv under Ajjubide-dynastinet på byrjinga på 1300-talet.

Fram til 1965 kunne ein berre nå borga til fots etter særs krevande klatring.

Borga[endre | endre wikiteksten]

Borga ligg på kanten av ei ca. 150 m høg klippe og er avskoren frå den øvrige klippa med ein ca. 18 m brei, ca. 28 m djup og ca. 155 m lang kløft.

I dag ligg store delar av borga i ruinar, utanom ytterveggane og murane. Nær inngangen finst det to imponerande krossfararbastionar som er verna, og synlege ruinar finst òg etter ein krossfararkyrkje, to bysantinske kapell og dei store cisternene.

Borga måler over 4 800 m² og kunne ha 10 000 soldatar innanfor murane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salah Ed-Din-borga