Salairryggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landskap i Salairryggen

Salairryggen (russisk Салаирский кряж) er eit erodert, platåliknande høgland sørvest i Sibir i Russland og Altaj kraj, Kemerovo og Novosibirsk oblast. Det er ei naturleg fortsetjing av Altajfjella og ligg mellom Kuznetsksenkinga og Obsletta, flodområdet til elva Ob. Hovudryggen er nesten parallell til Kuznetsk Alatau. Ryggen er om lag 300 km lang og 15-40 km brei.

Fjella er rikt på kompleksmalm. Den høgaste toppen er Kivda (russisk Кивда) på 621 meter over havet.

Av store elvar som spring ut frå fjell finn ein Berd (russisk Бердь), Suenga (russisk Суенга) og Tsjumysj.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]