Salerno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salerno
Salerno sett frå åsane oppfor byen
Salerno sett frå åsane oppfor byen
Salerno sett frå åsane oppfor byen
Plassering
Salerno is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Campania
Salerno
Borgarmeister Vincenzo De Luca
Geografi
Flatevidd
 - By

58,96 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

140 580
  2384,33/km²
Koordinatar 40°41′″N 14°46′″EKoordinatar: 40°41′″N 14°46′″E
Høgd over havet 4 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 84121-84135
Telefon-retningsnummer 0 89
Nettstad: www.comune.salerno.it

Salerno er ein by sørvest i Italia. Han er hovudstad i provinsen Salerno i regionen Campania og har om lag 140 000 innbyggjarar. Han ligg ved Salernobukta ved Tyrrenhavet og er den største byen langs Amalfikysten med andre byar som Amalfi, Positano og andre.

Byen er mest kjend for den seinare historia si etter at kongen av Italia budde her etter å ha rømd frå Roma i 1943 etter Italia forhandla fram fred med dei allierte under den andre verdskrigen. Ei kortvarig såkalla «regjering i sør» vart så oppretta i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før-romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Området rundt det som i dag er Salerno har vore busett sidan førhistorisk tid, men dei første sikre teikn etter menneska har ein frå 800 til 700-talet fvt. Samnittar- og etruskarbyen Irna vart grunnlagd ved elva Irno i det som i dag er bydelen Fratte. Denne busetnaden var eit viktig sentrum for etruskarane for handel med dei greske koloniane Posidonia og Elea.

Den romerske byen[endre | endre wikiteksten]

romarane utvida områda sine inn i Campania vart Irna mindre viktig og vart fortrengt av ein ny romersk koloni (194 fvt.) kalla Salernum. Den nye byen mista den militære rolla si til fordel for eit handelssenter og vart forbunde til Roma med vegen Via Popilia, som gjekk mot Lucania og Reggio Calabria.

Under Diocletianus, seint på 200-talet fvt., vart Salernum det administrative senteret i provinsen Bruttia og Lucania.

På 400-talet var Salerno framleis eit viktig senter, men no under austgotarane i Italia.

Det neste hundreåret, under gotarkrigane, vart gotarane slått av austromarane, som berre styrte området i 15 år (frå 553 til 568), før langobardane invaderte nesten heile den italienske halvøya. Som mange av kystbyane i sør (Gaeta, Sorrento, Amalfi) fekk Salerno først vere i fred og vart ikkje tatt før i 646. Han vart då ein del av Hertugdømet Benevento.

Den lombardiske byen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fyrstedømet Salerno.

Under dei lombardiske hertugane hadde Salerno sin gullalder.

I 774 overførte Arechi II sete frå Hertugdømet Benevento til Salerno for å unngå offensiven til Karl den store og sikre seg sjølv kontroll over eit strategisk område, dei sentrale kystområda og dei indre vegane i Campania.

Med Arechi II blømde Salerno stort og vart eit senter for utdanning med den kjende medisinskulen. Fyrsten fekk bygd festningsverk rundt byen, borga på fjellet Bonadies hadde alt vorte bygd med murar og tårn. I 839 erklærte Salerno seg sjølvstendig frå Benevento og vart hovudstaden i det blømande fyrstedømet som strekte seg ut til Capua, det nordlege Calabria og Puglia opp til Taranto.

Rundt år 1000 annekterte fyrst Guaimar IV Amalfi, Sorrento, Gaeta og heile hertugdømet Puglia og Calabria, og byrja ei samling av heile det sørlege Italia under hæren til Salerno. Myntane som vart prega i byen sirkulerte i heile Middelhavsområdet med orda Opulenta Salernum som stadfesta rikdomen deira.

Det stabile fyrstedømet vart derimot stadig utsett for sarasenarane sine åtak, men mest av alt med indre stridar. I 1056 førte ei av mange samansvergingar til Guaimar sitt fall. Den svakare sonen hans Gisulf II tok over etter han, men då hadde nedgangen til fyrstedømet alt byrja.

Salerno under normannarar, Hohenstaufen og Anjou[endre | endre wikiteksten]

13. desember 1076 omleira den normanniske erobraren Robert Guiscard, som hadde gifta seg med Guaimar IV si dotter, Sichelgaita, Salerno og slo svigerbror sin Gisulf. Dette enda dei mange hundreåra med lombardisk dominans, men råka ikkje velstanden til byen. I denne perioden vart det kongelege palasset (Castel Terracena) og den flotte domkyrkja i arabisk-gotiske stil bygd. I tillegg nådde medisinskulen, som vert rekna for den eldste medisinske skulen i Europa, høgdepunktet sitt.

Salerno spelte ei viktig rolle i fallet til det normanniske kongedømet. Etter keisar Henrik VI sin invasjon i 1191 på vegne av kona hans, Konstanse, arving til kongedømet, overgav Salerno seg og lovte lojalitet så snart dei høyrte at hæren var på veg. Dette var så fråstøtande for erkebiskopen, Nikolas av Ajello, at han forlet byen og flykta til Napoli, som heldt ut under ei omleiring. I 1194, snudde situasjonen heilt om. Napoli kapitulerte, i lag med dei fleste andre byane i Mezzogiorno, og berre Salerno stod imot. Byen vart plyndra og ramponert og vart langt mindre viktig og ikkje like velståande lenger. Henrik hadde sine grunnar. Han hadde overlate Konstanse til borgarane og dei hadde svike han og gjeve ho til kong Tancred. Sviket og stivsinnet hennar kosta Salerno mykje etter Hohenstaufen erobra byen. Henrik sin son, Fredrik II gav ut ei rekkje kunngjeringar som vidare reduserte Salerno si rolle til fordel for Napoli (særleg grunnlegginga av Universitet i Napoli).

Etter råd frå Giovanni da Procida (ein kjend borgar på den tida) gav kong Manfred av Sicilia, Fredrik II sin son, gav ordre om å byggje ei hamn, som framleis ber namnet hans. I tillegg grunnla Manfred St. Matteus-markedet, som vart det viktigaste i Sør-Italia. Etter angevinane erobra byen vart byen gjort vakrare av den kjende skulptøren Boboccio da Piperno, som dronning Margherita av Durazzo hadde stor hugleik for og ho flytta til Salerno og vart gravlagd der i ei monumental grav, som i dag er inne i domkyrkja.

Schola Medica Salernitana i ein miniatyr frå Avicenna sin Canon.

Salerno og den nye medisinutdanninga i Vest-Europa[endre | endre wikiteksten]

Den kjende medisinskulen, eller rekkjer av skular, eksisterte i Salerno frå minst 900-talet og på 1000-talet var dei anerkjend som eit senter for medisinsk kunnskap i Vest-Europa, på same måte som Alexandria hadde vore det i antikken.

Rundt 1060 kom benediktinarmunken afrikanaren Konstantin frå Kartago til klosteret ved Monte Cassino, 150 km nord for Salerno. Han kunne både arabisk, gresk og latin og byrja å omsetje mange av dei medisinske tekstane frå Antikkens Hellas og Roma frå arabiske omsetjingar til latin. Konstantin omsette om lag tjue store verk sjølv, som Galen sin Ars Parva, Hippokrates sine verk, inkludert Aphorisms og Prognostics og det store leksikonet kalla patengi. Den viktigaste omsetjinga han gjorde var truleg Isogoge av Joanittius, som var ein introduksjon til medisinteori og praksis i fleire hundreår.

Sanseverino[endre | endre wikiteksten]

Salerno i eit trykk frå 1600-talet.

Frå 1300-talet og framover var det meste av Salerno-området ein del av fyrstedømet Sanseverino. Fyrstane fekk enorm politisk og administrativ makt og trekte til seg kunstnarar og lærde menn til sine eigne fyrstepalass. På 1400-talet var byen åstad for eit slag mellom dei kongelege husa frå Angevin og Aragon.

Dei første tiåra av 1500-talet kom den siste arvingen av Sanseverino-fyrstane i konflikt med den aragonesiske visekongen, og dette øydela heile familien og var starten på ein lang nedgangsperiode for byen. Åra 1656, 1688 og 1694 gjekk særleg hardt ut over Salerno med pest og jordskjelv som tok mange liv.

På 1700-talet byrja ei svak oppgangstid for byen då den spanske dominansen tok slutt og det vart bygd mange nye hus og kyrkjer, som i dag pregar hovudgata i det historiske sentrumet.

I 1799 vart Salerno ein del av Den partenopeiske republikken. I napoelonstida tok først Joseph Bonaparte og så Joachim Murat over trona i Kongedømet Napoli. Sistnemnde stengde medsisinskulen i Salerno, som hadde forfall dei siste tiåra. I same periode vart til og med den religiøse ordenen undertrykt og mange av eigedomane deira vart konfiskert.

Etter samlinga av Italia vart byen gradvis meir utvikla og hadde alt vakse utanfor dei gamle bymurane. Mange forstader vart utbygd og store offentlege og private bygg vart bygd. Byen var framleis i utvikling under den andre verdskrigen.

Den andre verdskrigen og tida etter[endre | endre wikiteksten]

I september 1943 var Salerno åstad for landgangen til dei allierte og frå 12. februar til 17. juli 1944 gav han ly til president Pietro Badoglio.

Etterkrigstida var harde for alle dei italienske byane, men Salerno klarte å gjere framsteg steg for steg og vart etter kvart ein moderne europeisk by.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]