Sørsalrygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Salflikfugl)
Sørsalrygg
Sørsalrygg, Philesturnus carunculatus rufusater, på Tiritiri Matangi Island Foto: Duncan Wright
Sørsalrygg, Philesturnus carunculatus rufusater, på Tiritiri Matangi Island
Foto: Duncan Wright
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kokakofamilien Callaeidae
Slekt: Philesturnus
Art: Sørsalrygg P. carunculatus
Vitskapleg namn
Philesturnus carunculatus

Sørsalrygg, tidlegare salflikfugl, Philesturnus carunculatus, (maori tieke), er ein sjeldan og trua trastestor sporvefugl som er endemisk for New Zealand. Arten levde tidlegare i skogshabitat over store delar av begge hovudøyane, men kom bort på grunn av innførte pattedyr. I dag lever arten på ei rekkje små øyar som resultat av innsats for reetablering av arten. Sørsalrygger finst ikkje på hovudøyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Underarten frå Sørøya, vaksen fugl i forgrunnen og ungfugl bak
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain

Sørsalrygger er 25 centimeter og veg 70-80 gram, hannfuglar er tyngst. Heile fuglen har svart glinsande fjørdrakt, med raudbrun framdel av ryggen ('sâl') og raudbrun gump og haledekkarar. Nebb og føter er òg svarte. Ein hudfold som heng ned frå nebbrota er i klår oransje til raud farge. Hos den sørlege underarten har ungfuglar ein gjennomgåande sjokoladebrun til raudbrun fjørdrakt. Hudflikane er små og bleike. Ungfuglar hos den nordlege underarten liknar meir på vaksne, men manglar ei smal gulbrun stripe i fremre skiljet mellom svart og raudbrun sal som vaksne har. Desse fuglane beitar på bakken i skog, hoppar heller enn å flyge, og flyg sjeldan meir enn ca. 50 meter i kvart strekk.

Videoopptak frå Orana Wildlife Park, Christchurch
Foto: Phil Le Cren

Dette er fuglar som levde i skog og krattskog over begge hovudøyane. Då europeisk kolonisering tok til, starta ein rask tilbakegang av populasjonen grunna åtak frå innførte rotter, villkattar og mårdyr, slik at arten vart utrydda på Nordøya ca. innan år 1910 og på Sørøya litt seinare. Underarten frå Nordøya overlevde på Hen Island. Underarten frå Sørøya overlevde på småøyar i sør, ved Stewart Island/Rakiura. Populasjonen av begge underartar er i dag livskraftig grunna reetablering av arten på ei rekkje øyar utanom hovudøyane, men mange freistnader på å setje ut fuglar har mislukkast.

Sørsalryggparet vernar territorium gjennom heile året, dei markerer med song, eit kraftig 'tsjiit te-te-te-te', ofte i duett. Dei byggjer reiret i hole trestammar, bergsprekker eller i tette epifyttar, oftast lågt over bakken. Egglegging kan skje i perioden frå august til mai, og dei legg opp til fire kull i sesongen, kvart på 1-4 egg, oftast 2 eller 3. Forventa levealder er ikkje kjent, men ein kjenner eit individ som blei over 17 år.

Føda består hovudsakleg av virvellause dyr, supplert med frukt når tilgjengeleg.

Arten har status som endemisk verna og trua, bestanden estimert til ca. 6000 og 1200 individ for underartane rufusater og carunculatus høvesvis, og er aukande, men avhengig av vernearbeid.[1]

Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011:[2]

  • Philesturnus carunculatus rufusater, opphavleg på Nordøya og nærliggjande øyar
  • Philesturnus carunculatus carunculatus, opphavleg på Sørøya

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012
  2. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sørsalrygg