Salhus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Salhus ved Salhusfjorden
Foto: Bent Sigmund Olsen |
||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Bergen | |
| Fylke | Hordaland | |
| Folkemengd[1] | 725 (2001) | |
| Annan informasjon | ||
| Gardnummer | 177 | |
| Postnummer | 5107 SALHUS | |
| Preposisjon | i Salhus | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Salhus er ei bygd i Åsane bydel i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden er kjend for tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik, der det var produksjon frå 1859 til 1989. Fabrikklokala er gjort om til Museumssenteret i Hordaland, med Norsk Trikotasjemuseum og Bevaringstenestene for tilskotsmusea i Hordaland. Statistisk Sentralbyrå reknar Salhus som ein del av den samanhengande tettstaden Bergen, og fører difor ikkje folketalsstatistikk for staden. Så godt som heile tettstaden ligg innanfor grensene til matrikkelgarden Salhus, som i 2001 hadde 725 innbyggjarar. I 1960 var dette talet 1149 innbyggjarar.[1]
I 1954 vart ferjesambandet Salhus-Frekhaug-Flatøy oppretta. Ferjekaien i Salhus vart nedlagd i 1985.
Sjå òg [endre]
- Salhusvinskvetten - ei musikkgruppe med opphav i Salhus
- Salhuskvintetten - ei visegruppe med opphav i Salhus
- Idrettslaget Norna-Salhus - eit idrettslag heimehøyrande i Salhus
Fotnotar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Museumssenteret i Salhus
- Åsane historielag om Salhus
Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.