Saligkåring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Saligkåring eller beatifikasjon er ei paveleg fråsegn der ein avdød vert erklært «salig» og vert tillaten gjort til gjenstand for liturgisk feiring i avgrensa omfang, det vil seie innanfor eit bispedøme eller eit ordenssamfunn.

Før ei saligkåring vert den som skal saligkårast fyrst erklært «Guds tenar» og livet til personen vert undersøkt for å kunne slå fast om det er særleg prega av kristne dyder. Dersom dette stemmer, fylgjer ein prosess ved Vatikanets kongregasjon for heilagkåring som erklærer vedkomande «ærverdig» (venerabilis). Dersom paven samtykker at Gud har gjort eit mirakel på forbønn av den «ærverdige», kan personen erklærast «salig». I tilfelle martyrar er mirakel ikkje påkravde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]