Salinisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sterk grad av salinisering i California.

Salinisering er ein prosess der saltinnhaldet i eit jordsmonn aukar, noko som gjer jorda mindre fruktbar. Dette kan vera ein naturleg prosess, men kan også skuldast menneskeleg påverknad, ofte som følge av jordbruk.

Salinisering finn stad når det blir tilført meir salt til eit område enn det som forsvinn. Nesten alt vatn inneheld ei viss mengd oppløyst salt, også regnvatn.[1] Høg fordamping eller dårleg drenering kan begge gje høgare saltinnhald i jorda. Vanlege menneskeskapte grunnar til salinisering er tilførsel av ekstra vatn, som ved kunstig vatning, eller erstatning av plantar som tek opp mykje vatn med plantar som er meir nøysame.

I nokre høve kan jorda bli så salt at berre halofyttar, eller saltplantar, kan veksa der, eller prosessen kan føra til erosjon og landdegradering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ILRI (1989), Effectiveness and Social/Environmental Impacts of Irrigation Projects: a Review (PDF), In: Annual Report 1988 of the International Institute for Land Reclamation and Improvement (ILRI), Wageningen, The Netherlands, s. 18–34  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
Spire Denne geografiartikkelen som har med landbruk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.