Sally Can't Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sally Can't Dance
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve august 1974
Innspelt 18. mars  – 26. april 1974
Electric Ladyland i New York
Sjanger Rock
Lengd 32:58
Selskap RCA Records
Produsent Steve Katz, Lou Reed
Kritikk
Lou Reed-kronologi
Rock n Roll Animal
(1974)
Sally Can't Dance Lou Reed Live
(1975)

Sally Can't Dance er det fjerde soloalbumet til Lou Reed. Albumet nådde Topp 10 i USA, den høgaste plasseringa Reed fekk. Det er òg det første albumet hans som ikkje inneheld nokre songar spelt inn av det tidlegare bandet hans, The Velvet Underground, samt det første soloalbumet hans som vart spelt inn i USA. Dei tre førre vart spelt inn i England.

Bortsett frå tittelsongen, inneheld albumet «NY Stars» (der Reed gjer narr av musikarar som prøvde å kopiere stilen hans), «Kill Your Sons» (tankar om tida han var på eit psykiatrisk sjukehus, som foreldra la han inn på i tenåra), og «Billy», om lagnaden til ein skuleven med meir «normale» ambisjonar enn han sjølv hadde. På sistnemde song spelte Velvet Underground-medlemmen Doug Yule bass.

Sjølv om albumet vart ein hitt og gjorde Reed til ei stor stjerne, var han sjølv misnøgd med produksjonen og handsaminga av songane. Reed sa: «Det verkar som at jo mindre involvert i eit album eg er, jo større hitt vert det. Om eg ikkje er på det neste albumet i det heile kan det kanskje gå heilt til topps.»

Plateselskapet hans, RCA Records, ønskte ein rask oppfølgjar, medan han var på toppen av karrieren. Han var trøytt av presset som vart lagt på han og platekontrakten hans sa at RCA måtte gje ut alt han gav dei. Han spelte då inn Metal Machine Music - ein time med feedback og støy, som aldri hadde sjanse til å verte ein hit.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed

# Tittel Lengd
1. «Ride Sally Ride»   4:05
2. «Animal Language»   3:03
3. «Baby Face»   5:02
4. «N. Y. Stars»   4:00
5. «Kill Your Sons»   3:41
6. «Ennui»   3:40
7. «Sally Can't Dance»   2:54
8. «Billy»   5:06
Bonusspor
# Tittel Lengd
9. «Good Taste»   3:26
10. «Sally Can't Dance» (singelversjon)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Lou Reed – vokal, gitar
  • Danny Weis – gitar, tamburin, korvokal, hornarrangement
  • Paul Fleisher – saksofon på «Billy»
  • David Taylor, Lou Marini, Trevor Koehler, Jon Faddis, Alan Rubin, Alex Foster – horn
  • Steve Katz – munnspel, hornarrangement
  • Michael Fonfara – tangentinstrument, korvokal, hornarrangement
  • Prakash John – bass, korvokal
  • Doug Yule – bass på «Billy»
  • Ritchie Dharma – trommer på «Kill Your Sons» & «Ennui»
  • Pentti "Whitey" Glan – trommer
  • Michael Wendroff – korvokal
  • Joanne Vent – korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deming, Mark. Sally Can't DanceAllmusic. Henta 2011-09-02.
  2. «(retrieved 16th juni 2011)». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=lou+reed. Henta 4. okt. 2011.