Salomon August Andrée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
S.A. Andrée.

Salomon August Andrée (18. oktober 18541897) var ein svensk eventyrar og oppdagar, kjend for forsøk på å nå Nordpolen med luftballong.

Andrée vart fødd i Gränna i Jönköpings län i Småland og var utdanna ingeniør i Stockholm. Han blei interessert i ballongferd då han vitja 100-årsutstillinga i USA i 1876.

Det første forsøket på å gjennomføra ekspedisjonen blei gjort i 1896, men vindane blåste ikkje tilstrekkeleg nordover. Eit av medlemmane i ballongferda, Nils Ekholm, gav seg då han innsåg at det var for farleg.

«Örnen» tek av mot nord.

Den 11. juli 1897 var vindane betre eigna, og Andrée, ingeniøren Knut Hjalmar Ferdinand Frænkel og fotografen Nils Strindberg tok av med hydrogenballongen «Örnen» frå Virgohamna. Like etter byrjinga gjekk delar av slepelinene, som ein brukte til å styra ballongen, sund. Den fuktige lufta fraus til is på ballongen, som blei tynga ned. Etter to dagars ferd stranda ekspedisjonen på isen.

Dei tre mennene prøvde å nå Franz Josef land med sleder. Dette måtte dei opp, og slo i staden leir på Kvitøya i oktober 1897, der dei døydde same månad av ukjente årsaker. Dei vanlegaste teoriane om dødsårsaka er trikinforgifting, blyforgifting eller utmatting saman med væskemangel.

Andrée var lenge sett på som Sverige sin største polarhelt, noko som endra seg noko etter utgjevinga av den svært kritiske romanen Ingeniør Andrées luftferd av Per Olof Sundman i 1967. Sundman framstilte Andrée som ein sjølvopptatt og udugeleg mann som tok med seg to unge menn i døden for å nå eit mål han visste var umogleg. Romanen blei filmatisert som Ingenjör Andrées luftfärd i 1982 av Jan Troell, med Max von Sydow, Göran Stangertz og Sverre Anker Ousdal i dei tre hovudrollane.

I Gränna, heimbyen til Andrée, finn ein Andréemuseet tileigna byens store son.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk