Salomon Gessner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salomon Gessner

Salomon Gessner, (1. april 17302. mars 1788), var ein sveitsisk diktar, kunstmålar og grafikar. Han var både fødd og døydde i Zürich. Gessner grunnla avisa Neue Zürcher Zeitung.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Faren var ein boktrykkar, bokhandlar, forleggar, og medlem av storrådet i Zürich. Gessner byrja i 1749 i lære i ein bokhandel i Berlin, men braut av året etter. Han byrja i staden å måle landskapsmåleri og lage etsingar. Etter eit kort opphald i Hamburg, vende han tilbake til heimbyen.

Gessner ynskte ikkje å ta del i verksemda til faren. Han ville heller måle, teikne, og nyte livet saman med venene sine. Rundt 20 unge menn frå eliten i Zürich danna tysdagsforeininga. Medlemene samla seg på tysdagane til utveksling av idear og til fest. Entusiasme for naturen prega dei unge estetikarane. Basert på antikken idylliske gjetardikting, såg dei på seg sjølve som gjetarar i skogen Sihlwald.

Gessner vann seg eit namn med diktet 'Lied eines Schweizers an sein bewaffnetes Mädchen' frå 1751, og måleriet Die Nacht (Natta) frå 1753. Året etter, 1754, kom det store diktet 'Daphnis'. Vidare utover i 1750-åra kom den første samlinga av idylldikt, følgd av fleire. Tod Abel frå 1758 er eit slags idyllisk-episk dikt i prosa. År 1762 kom hans samla dikt i fire band. Det neste tiåret var han mest oppteken med målarkunsten. Først i 1772 kom ei ny samling idylldikt.

Bukolische Szene

Gessner var i 1761 med på å grunnlegge 'Helvetischen Gesellschaft'. Same året vart han partner i firmaet Orell & Co. To år etter vart han medeigar og kunstnarisk leiar av ein porselens- og fajansefabrikk.

I 1780 grunnla Gessner avisa 'Zürich Zeitung', som frå 1821 har heitt Neue Zürcher Zeitung. Frå 1781 til han døydde, var Gessner forvaltar av Sihlwald, og dermed ansvarleg for å forsyne byen Zürich med brensel. I sommarhalvåret budde han i forsthuset i skogen.

Gessners idyllar var mykje meir prega av den arkadiske, pastorale verda, skapt av italiensk-franske hoffpoetar av det 17. hundreåret, enn dei var av antikken og Theokrit.

Landskapsmåleria hans gav eit meir varig bidrag til målarkunsten i Sveits. Mellom dei beste arbeida hans er tolv landskap i form av raderingar, utgitt i 1770.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]