Salomon Kalou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salomon Kalou
Personleg informasjon
Fullt namn Salomon Armand Magloire Kalou
Fødd 5. august 1985
Fødestad Oumé
Høgd 186 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Frankrike Lille
Nummer 8
Ungdomsklubbar
Elfenbeinskysten ASEC Mimosas
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-2003
2003-2006
2006-
Elfenbeinskysten ASEC Mimosas
Nederland Feyenoord
Chelsea
Frankrike Lille
14 (12)
67 (36)
156 (36)
66 (30)
Landslag
2007- Elfenbeinskysten Elfenbeinskysten 68 (23)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 24. juni 2014

Salomon Armand Magloire Kalou (fødd 5. august 1985) er ein ivoriansk fotballspelar som har spelt for franske Lille sidan 2012. Han er bror til fotballspelaren Bonaventure Kalou.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Salomon Kalou starta karrieren sin i det lokale laget ASEC Mimosas, og spelte både for juniorlaget og fyrstelaget deira. I 2003 signerte han kontrakt med nederlandske BSV Excelsior før han kom til Feyenoord Rotterdam. Han hadde stor suksess i begge klubbane og vart verande i Feyenoord til 2006, då han vart kjøpt opp av Chelsea. Etter seks sesongar i England gjekk han til Lille i Frankrike i 2012. Han vart Lille sin toppskårar i serien i 2012/13- og 2013/14-sesongen.

Nederlandsk statsborgarskap[endre | endre wikiteksten]

Kalou forsøkte opphavleg å oppnå nederlandsk statsborgarskap så han kunne spela på det nederlandske landslaget. Ein søknad vart skriven om å få ei raskare naturalisering for Kalou, og Kalou fekk stønad i saka av fleire innan nederlandsk fotball, men søknaden fekk avslag frå innvandringsminister Rita Verdonk. Kalou tok deretter saka opp i retten, og vann rettssaka den 9. desember 2005. Verdonk vart då dømd til å revurdera avslaget. Verdonk bestemte seg seinare for å anka, og Kalou har no gjeve opp å få nederlandsk statsborgarskap. Dette var ein av grunnane til at Kalou gjekk over frå Feyenoord til Chelsea.

Ivoriansk landslag[endre | endre wikiteksten]

Kalou hadde fått fleire innkallingar til å vera med på det ivorianske landslaget, og takka ja for fyrste gong i februar 2007. Sidan då har han spelt i Afrikameisterskapen i fotball, og han vart også teken ut i den ivorianske troppen i Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han eitt av måla i kampen mot Nord-Korea som enda 3 - 0 til Elfenbeinskysten. Elfenbeinskysten kom diverre ikkje lenger enn gruppespelet. I 2014 spelte han igjen i alle Elfenbeinskysten sine tre kampar i VM i Brasil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia om Salomon Kalou.