Salsa
Salsa er ein musikk- og dansestil. Musikksjangeren har utvikla seg frå forskjellige afro-kubanske musikkstilar som Son, Mambo, Cha cha cha, Guaracha etc.
Salsa som omgrep utvikla seg i den latinske busetnaden i New York på 1960-talet og består av dei nemnde kubanske musikksjangrar, samt innslag frå andre karibiske land som f.eks. Puerto Rico (Bomba og Plena).
Salsa er òg blitt populært i resten av verda med dansekurs i forskjellige stilretningar .
Ein viktig musikalsk byggjestein, som er dirigenten i salsamusikken, vert kalla for clavesrytmen, ein synkopert figur med 3 slag i éin takt og 2 i neste.
La Descarga leidd av Sverre Indris Joner vert rekna som det første orkesteret som spelte salsa i Noreg. I Bergen eksisterte tidlegare òg latinjazz-bandet Son Mu, leidd av Knut Kristiansen, som òg spelte salsa-relatert musikk.