Salstrofé i musikkbransjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Salstrofé i musikkbransjen vert utdelt for visse tal selde plater, album og singlar. Det er bransjeorganisasjonane i kvart land som står for tildelinga, men plateselskapa må som regel betale ein kontingent for å få sertifisert salstala.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det bransjeorganisasjonane IFPI og FONO som tildeler salstroféa.

Trofé Album Singlar Musikk-DVDar
Gull 15 000 5 000 5 000
Platina 30 000 10 000 10 000

Krava for albumtrofé vart endra 6. september 2006. Tilsvarande tal var tidlegare 20 000 og 40 000. Ein tel med nedlasting via internett og til mobil når ein reknar ut salstala. For singlar gjeld sal av heile låtar, mens for album må ein selje minst 3/4 av heile albumet.[1]

USA[endre | endre wikiteksten]

I USA er det bransjeorganisasjonen RIAA som tildeler salstroféa.

Trofé Einingar
Gull 500 000
Platina 1 000 000
Diamant 10 000 000

Merknad: Før 1. januar 1989, blei gull gjeve ved ein million selde singlar, og platina ved to millionar selde singlar.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia er det British Phonographic Institute som tildeler salstroféa.

Trofé Album Singlar
Sølv 60 000 200 000
Gull 100 000 400 000
Platina 300 000 600 000

Tyskland[endre | endre wikiteksten]

I Tyskland er det IFPI Deutschland/Bundesverband Phono som tildeler salstroféa.

Trofé Album Singlar
Gull 150 000 300 000
Platina 300 000 500 000

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]