Saltøy

Koordinatar: 63°33′10″N 10°52′59″E / 63.55278°N 10.88306°E / 63.55278; 10.88306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saltøya)

63°33′10″N 10°52′59″E / 63.55278°N 10.88306°E / 63.55278; 10.88306 Saltøy er ei øy mellom Skatval, Langstein i Stjørdal kommune og Åsen i Levanger kommune i Trøndelag. Sjølve øya ligg i Stjørdal kommune i Trondheimsfjorden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saltøy var tidlegare underlagt lendermannsætta på Fløan, og seinare òg garden Fløan. Saltøya vart seinare seld, og er no arbeidarforeninga ved Ranheim fabrikkar i Trondheim sin eigedom. Det budde tidlegare ein familie på den einaste garden på øya, men desse flytta ein gong i førre hundreår.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Øya er i dag open for fri ferdsel, men ein må nytte båt for å kome seg dit. Garden er kjøpt som fritidsbustad. På sørsida av øya er det bygd eit lite fyrtårn som er i bruk delar av året.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle skrivemåten, Saltøy, vert godkjent av Kystverket i 1990. Det vert fremja forslag i 2005 om å endre skrivemåten til Saltøya, men det vart avslått same år.