Saltgruve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltskulptur i saltgruva i Wieliczka i Polen.

Saltgruver er stader der ein vinn salt ut frå berggrunnen. Medan dette tidlegare var hardt slave- eller straffearbeid med høg gevinst for gruveeigarane, er saltgruver i dag ein mindre viktig kjelde til både salt og inntekter som hovudsakleg blir drivne av fleirnasjonale selskap.

Gruverabeid[endre | endre wikiteksten]

Før ein fann opp forbrenningsmotoren og andre moderne gruvemaskinar var gruvedrift ein dyr og farleg oppgåve. Ettersom salt tradisjonelt har vore eit sjeldan og etterspurd produkt, har ein likevel utvikla store gruvekompleks for å få tak i stoffet, like frå førhistorisk tid og til våre dagar.

Ofte brukte ein slave- og fangearbeid i saltgruvene. Forbrytarar i Romarriket var mellom dei som kunne bli dømde til slikt livsforkortande arbeid. Straffeforma blei og brukt i Nazi-Tyskland og Sovjetunionen på 1900-talet.

Saltgruver og helse[endre | endre wikiteksten]

Gruvearbeid er i seg sjølv farefullt, men det vinna ut salt har ein ekstra helsekostnad. Salt kan tæra på huda og føra til sår som det så kan gå koldbrann i fordi saltet hindrar dei i å gro.

I nyare tid har ein likevel funne ut at gruvene og kan vera gunstige for helsa. På 50-talet la polske legar merke til at arbeidarar i saltgruvene hadde få lungesjukdommar, slik som tuberkulose, samanlikna med befolkninga elles. På grunnlag av dette laga dei ei ny behandlingsform, speleoterapi, der pasientar tilbrakte tid i saltgruver. Denne blir i dag brukt i heile Aust-Europa mot astma og andre luftvegssjukdommar. Saltet i lufta skal løysa opp slim og drepa bakteriar i lungene.

Saltgruver i verda[endre | endre wikiteksten]

Saltkapellet i Wieliczka.
Foto: Cédric Puisney

Ulike stader i verda med høgt saltinnhald i grunnen har hatt saltgruver. Dette gjeld mellom anna Polen, som lenge baserte økonomien sin på dei mange saltgruvene sine. Ei av desse, saltgruva og verdsarvstaden i Wieliczka har vore i drift frå 1200-talet, og inneheld i tillegg til mange hallar og gruvegangar kyrkjerom og skulpturar.

Andre kjende gruvestader er Salzkammergut i Austerrike og Avery Island i Louisiana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]