Saltsjöbaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°17′8.5236″N 18°16′26.544″E

Grand Hotel Saltsjöbaden

Saltsjöbaden er ein svensk tettstad i Nacka kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 8 397 innbyggjarar.

Saltsjöbaden omfattar Neglingeön, ei halvøy på 75 hektar som ligg mellom Baggensfjärden og Neglingeviken og er landfast via eit nes ved Rösunda. I tillegg kjem området vest for Neglingeviken til Lännerstasundet og Baggensstäket i nord og til Erstaviken i sør.

Staden er bl.a. kjend for Saltsjöbadsavtalen som blei inngått 20. desember 1938 mellom Landsorganisationen i Sverige og Svenska Arbetsgivareföreningen.

Saltsjöbaden er òg kjend for kyrkja, Uppenbarelsekyrkan, oppført etter teikningar av Ferdinand Boberg og utsmykka av mellom andre Carl Milles (koparportar m.m.) og Olle Hjortzberg (freskomalerier).

I 1948 blei det arrangert ei delturnering i verdsmeisterskapen i sjakk, ein såkalla intersoneturnering. Denne var vunnen av David Bronstein frå Sovjetunionen, og dette var hans første store internasjonale turneringssiger. Karl Gerhard hadde villaen sin på Strandpromenaden i Saltsjöbaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]