Saltutvinning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltutvinning frå sjøvatn i Tamil Nadu.

Saltutvinning er utvinning av salt som anten skjer i saltgruver ved bryting eller oppløysing av steinsalt (halitt) frå saltleier, eller ved inndamping av sjøvatn (havsalt).

Førekomstar av halitt vart nemnde ved Stassfurt sør for Magdeburg i Tyskland så tidleg som i 1195. I saltgruvene i Wieliczka i Polen og Slănic-gruva i Romania er det brote salt heilt sidan romartida.

Somme stader er steinsaltet så forureina av leire, gips og liknande at det ikkje kan brytast direkte. I staden hogg ein ut eit kammer som så blir fylt med vatn. Saltløysinga som oppstår i vatnet vert så kokt inn. Slike saltleier finst i Dürnberg-gruvene ved Hallein sør for Salzburg i Austerrike og er i dag ein stor turistattraksjon.

Mange tysk-austerrikske namn med forstavinga Salz- eller Sol- (til dømes Salzkammergut og Solbad i Austerrike) minner om den gamle saltutvinninga

Salt er òg sidan oldtida vorte vunne ut frå sjøvatn, som blir stengt inne i store, grunne basseng, der det dampar inn i sola. Dette fungerer best i solrike, varme land, og heller dårleg i nordlegare land. I Dei nordlegaste landa har ein likevel gjort mange forsøk på vinne ut salt av sjøvatn, anten ved hjelp av saltkokeri eller ved å la vatnet fryse ut.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar (15. februar 2009). «Salt: utvinning». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.