Salvator Rosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, ca 1641
Astraia syner seg for gjetarane

Salvator Rosa (20. juni 161515. mars 1673) var ein italiensk målar, poet og gravør under barokken. Han arbeidde i Napoli, Roma og Firenze.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rosa var fødd i Aranella ved Napoli. Han studerte fyrst hos morbroren Domenico Antonio Greco og sidan hos svogeren Francesco Fracanzano. Men det var fyrst då han var elev av den spanske meistermålaren José de Ribera han mogna som målar. Midt på 1630-talet gjekk Rosa i lære hos den napolitanske målaren Aniello Falcone, som i hovudsak laga slagscener.[1] Målaren Giovanni Lanfranco såg Rosas talent og rådde han å reise til Roma, der Rosa så budde frå 1634 til 1636. Deretter vende han tilbake til Napoli for å lage måleri med ulike slags jaktscener.

Frå 1641 til 1649 arbeidde Rosa i Firenze på oppdrag frå Medici-familien. Han laga mest måleri, men han sysla også med poesi i krinsen Accademia dei Percossi. Rosa forfatta fleire satiriske verk med skarp samfunnskritikk, og opptrådde som skodespelar og songar. Lorenzo Lippi oppmuntra Rosa til å hjelpe seg med å komponere det burleske poemet Il Malmantile Racquistato.

Frå 1649 budde Rosa i Roma livet ut. I Roma sysselsette han seg med radering, dikting og måling. Han laga måleri med landskaps- og slagscener, men også portrett og bilete med religiøse og allegoriske motiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wittkower, a.a., s. 325.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salvator Rosa