Sam Eyde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sam Eyde fotografert i 1910. Foto frå Norsk Hydro si fotosamling

Samuel Eyde (29. oktober 186621. juni 1940) var ein norsk ingeniør og industriherre. Han vart fødd i Arendal, som son av ein skipsreiar. Eyde avla eksamen som bygningsingeniør i Berlin i 1891. Eyde er mest kjend som grunnleggjar av industriføretaka Norsk Hydro og Elkem. Eyde bygde mellom anna på oppfinningane til fysikaren Kristian Birkeland. Ein metode for framstilling av kunstgjødsel har fått namnet Birkeland-Eyde metoden.

Yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Yrkeskarrieren hans som ingeniør begynte i Hamburg i 1891. Der fekk han jobb på jernbane- og brukontoret i byen og syslet med planer for nye stasjonsanlegg, forskjellige jernbanelinjer og brukonstruksjonar. Sidan arbeidde han som ingeniør i Dortmund og Lübeck. I 1895 gifta han seg med Anna Ulrikka Mørner, dotter av ein svensk godseigar og greve, og i 1897 etablerte han ingeniørfirmaet Gleim & Eyde saman med sin tidlegare sjef frå Hamburg. Dei to hadde allereie gjort seg bemerka med å vinne førsteprisen i den internasjonale konkurransen om jernbanearrangement i Kristiania, og no fekk dei ei rekkje med oppdrag og deltok i fleire større konkurransearbeid. Eyde etablerte i 1898 S. Eydes Ingeniørkontor i Kristiania, eit firma som også representerte Gleim & Eyde. Snart vart det også ein filial i Stockholm. Ved hundreårsskiftet dreiv Eyde ei av dei største ingeniørforretningane i Skandinavia, da Gleim og han sjølv ved kontoret i Kristiania og ved filialane i Hamburg og Stockholm hadde i arbeid cirka 30 ingeniørar og funksjonærar.

Norsk Hydro og Elkem[endre | endre wikiteksten]

Sam Eyde møtte fysikaren Kristian Birkeland i 1903. Eyde var med på å danne Elektrokemisk; Det Norske Aktieselskab for Elektrokemisk Industri (Elkem) i 1904 og Norsk Hydroelektrisk Kvælstofaktieselskap (Norsk Hydro) i 1905. Han var generaldirektør i Norsk Hydro med underselskap. Men med tida vart Eyde mildt sagt ukvalifisert til denne stillinga; visjonane og planene hans likna etter kvart mest på stormannsgalskap, og styret såg ingen annan utveg enn å overtale han til å trekkje seg. Dette vart gjort i form av ein avtale i 1918, som vart halden hemmeleg. Den offisielle versjonen av det som hende, var at Eyde trekte seg av eigen vilje, og var med på å utnemne ingeniør Harald Borgen Bjerke til etterfølgjar som generaldirektør. Men den verkelege avtalen gjekk ut på at Eyde sterkt vart oppmoda om å trekkje seg frå stillinga si, fare til Paris og halde seg der, mot at han til gjengjeld skulle få ein enorm "fallskjerm".

På grunn av at den offentlege versjonen vart verande som nemnt over, er sanninga om avtalen å finne i berre få av kjeldene i dag; det gjeld også dei fleste av litteraturkjeldene nemnde nedanfor. Det er nemleg først no i nyare tid at sanninga har vorte meir allment kjend.

Tyssedal og Eydehavn[endre | endre wikiteksten]

A/S Tyssefaldene vart stifta 20. april 1906. Første generaldirektøren vart Sam Eyde. I åra 1906-08 vart Tyssefalla i Hardanger utbygde under leiing av Eyde sine ingeniørar, med kapital frå svenske finanskretsar (Wallenbergane). A/S Tyssefaldenes første administrerende direktør var Eyde, mens svenskar sat i selskapsstyret. I 1909 kjøpte Eyde retten til eit svensk patent som skulle gjere det mogleg å byggje opp ein elektrisk jern- og stålindustri i Noreg. I 1909-10 vart selskapet A/S Hardanger Elektriske Jern- og Stålverk etablert i Tyssedal med Sam Eyde som hovudmann, selskapet vart stifta 24. august 1910. Hovudaksjonærar i Hardangerverket var Eyde sine selskap Elektrokemisk og A/S Norsk Elektrometall. Den 7. november 1911 kom den første omnen i drift, og vinteren 1912-13 vart det bygt enda ein omn. Det viste seg at smeltemetoden ikkje fungerte som venta, og fabrikken vart nedlagd 25. april 1913. Med dette prosjektet mislukkast han riktignok, men det vart utgangspunktet for ei utvikling som enda med opprettinga av den nye industristaden Eydehavn nord for Arendal. Eyde var medstiftar av Det Norske Nitridaktieselskap på den konstituerande generalforsamlinga den 20. august 1912. DNN starta aluminiumsproduksjon i Eydehavn (1914) og i Tyssedal (1916).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sam Eyde: Mitt liv og mitt livsverk, Oslo 1939.
  • Olle Gasslander: Bank och industrielt genombrott: Stockholms Enskilda Bank kring sekelskiftet 1900 I-II, Stockholm 1962.
  • Ole Kristian Grimnes: Sam Eyde. Den grenseløse gründer, Oslo 2001.
  • Egil Kollenborg Det Norske Nitridaktieselskap 1912 1962, Oslo 1962.
  • Erling Petersen (red): Elektrokemisk A/S 1904 1954, Oslo 1953.
  • Knut Sogner: Skaperkraft: Elkem gjennom 100 år 1904 2004, Oslo 2003.
  • Anne Tone Aanby (red): Fossekraft og industrisatsing. Utgitt av Aust-Agder Arkivet. Arendal 1996.
  • Sam Eyde sitt privatarkiv, Nasjonalbiblioteket i Oslo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]