Sambuarskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sambu)

Sambuarskap er ugift samliv i ekteskapsliknande former mellom to personar. Sambuarskap har blitt ei svært vanleg samlivsform i det moderne samfunnet. Ein reknar med at rundt 600.000 personar i Noreg lever i sambuarforhold. Det svarar til rundt 25 prosent av alle som lever i samliv. Andelen har vore aukande, men frå 2004 har han halde seg stabil.[1]

Tidlegare var det ulovleg å leva saman ugifte. Dette vart kalla konkubinat. Den såkalla konkubinatparagrafen i straffelova, paragraf 379, vart oppheva ved lov av 21. april 1972 nr. 18 og sett i kraft straks.

Juridisk[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktene har ikkje ønskt å laga ei eiga lov for sambuarskap. Dei siste åra har likevel fleire lover blitt endra for å styrkja sambuarane sine rettar og skapa fastare rammer rundt samlivsforma.

Økonomiske forhold[endre | endre wikiteksten]

Sambuarar har ikkje underhaldsplikt overfor kvarandre slik ektefellar har. Dei har heller ikkje automatisk felleseige. Dersom dei går frå kvarandre, tek kvar med seg det dei eig, medan det dei eig saman blir delt.

Lov om husstandsfellesskap[endre | endre wikiteksten]

Sjå: Husstandsfellesskaplova

Same dag som Ekteskapslova vart Husstandsfellesskaplova[2] sanksjonert. Lova vart sett i verk frå 1. oktober 1991. Lova gjeld for sambuarar, som etter lova § 1 har: - - bodd sammen i minst to år, eller de har, har hatt eller venter barn sammen. Lova gir desse, ved dødsfall og ved samlivsbrot, etter dei konkrete omstenda, og når det ligg føre «særlege grunnar» eller «sterke grunnar», rett til å overta innbo og bustad som var eigd av den andre parten.

Farskap[endre | endre wikiteksten]

Reglane for farskap og foreldreansvar er ikkje like for sambuarar og gifte. For gifte fedrar følgjer både farskap og foreldreansvar automatisk av ekteskapet. Når det gjeld sambuarar, må derimot farskapet vedkjennast. Frå 1. januar 2006 er reglane for å vedkjenna farskap endra slik at samtykke frå mora ikkje er naudsynt. Dersom mora oppgir ein annan far, skal det offentlege ha ei aktiv rolle i å få fastslått kven som er den rette faren.

Når farskapet er stadfest, dannar det grunnlag for ei rekkje plikter og rettar. Faren har plikt til å vera med på å forsørgja barnet, barnet får arverett etter han og han får ei tilknyting til barnet som i utgangspunktet gir han rett til å vera saman med det og høve til å få del i foreldreansvaret.

Faren kan vedkjenna farskapet anten under svangerskapet eller etter at barnet er født. Det kan skje saman med fødselsmeldinga når barnet blir født, ved å møta personleg fram for Folkeregisteret, det lokale NAV-kontoret eller ein dommar.

Foreldreansvar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1. januar 2006 vart far sin rett til foreldreansvar styrkt i Barnelova. Frå denne datoen gjeld regelen om at foreldre som bur saman når farskapet blir etablert, får automatisk felles foreldreansvar for felles born. Dei kan då ikkje avtala at ein av dei skal ha foreldreansvaret åleine. Ein blir rekna som sambuande når ein er registrert på felles adresse eller har sendt erklæring om sambuarskap til Folkeregisteret.[3]

Dersom foreldra ikkje bur saman når farskapet blir etablert, har mora foreldreansvaret åleine. Foreldra kan likevel avtala at dei skal ha felles foreldreansvar. Dette kan gjerast på eige skjema der begge foreldre må skriva under, eller ein kan senda eiga avtale om dette til Folkeregisteret.

Foreldreansvar medfører rett og plikt til å ta avgjerder for borna i personlege forhold. Avgjersmyndigheita som ligg i foreldreansvaret gjeld mellom anna vergemål, medisinsk behandling, utskriving av pass, val av skule, samtykkje til adopsjon, namneval, samtykkje til å inngå ekteskap, innmelding i trussamfunn og flytting til utlandet.

Arverett for sambuarar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1. juli 2009 vart Arvelova endra slik at sambuarane sine rettar liknar noko meir på dei som gjeld for ektefolk.

Sambuarar med felles barn har rett til ein minstearv på tilsvarande vis som ektefellar. Minstearv er på fire gonger grunnbeløpet i Folketrygda (4G). Pr. april 2009 utgjorde 4x grunnbeløpet 281 024 kroner. Denne retten kan berre setjast til side ved testament som sambuaren har blitt gjort kjend med, arvelova § 28 b andre ledd.

Sambuarar som har budd saman i fem år kan gjennom testament gje kvarandre slik rett til minstearv, som går framom livsarvingane sin arverett.

Sambuarar med felles barn har også rett til å sitja i uskift bu med avdøde sine andre arvingar etter lova, for visse aktiva:

  • a) felles bustad og innbu,
  • b) bil og fritidseigedom med innbu som tente til felles bruk for sambuarane.

Sambuarar utan felles barn har ikkje denne retten. Dersom attlevande sambuar inngår nytt sambuarskap eller ekteskap, kan livsarvingane krevja skifte.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]